Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon

Kommunikasjon er kontakt og utveksling av informasjon. For å få til god kommunikasjon må vi samarbeide.

Kva fortel videoen frå dramaserien SKAM om kommunikasjon? Diskuter med ein medelev eller skriv ned stikkord for deg sjølv.

Kommunikasjon er samarbeid

Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, røynsler, kjensler og ønske. Denne kontakten og utvekslinga av informasjon kallar vi kommunikasjon. Ordet kjem frå latin communicare, som tyder "å dele med andre, å gjere felles".

Når vi skal beskrive ein kommunikasjonssituasjon, bruker vi mellom anna omgrepa sendar, mottakar og bodskap. Sendar og mottakar er deltakarane i kommunikasjonen, og bodskapen er det sendar prøver å formidle. For å sikre at bodskapen vert oppfatta likt, må sendar og mottakar samarbeide. Dei må vere ærlege overfor kvarandre og gjere sitt beste for å forstå den andre rett.

Kommunikasjon med og utan ord

Når vi bruker ord for å uttrykkje oss, snakkar vi om verbal kommunikasjon. (Verb tyder ”ord” på latin). Men også blikk, ansiktsuttrykk og rørsler kan tale. Kroppsspråket vårt er eit døme på ikkje-verbal kommunikasjon, det vil seie kommunikasjon ved hjelp av andre teikn og signal enn ord.

Kroppsspråket røper kva vi føler og tenkjer. Det kan understreke det vi seier med ord, eller det kan avsløre at vi kanskje ikkje er heilt ærlege. Eit ”Hyggeleg å helse på deg!” blir lite truverdig dersom handtrykket vårt er slapt og blikkontakten og merksemda vår omtrent lik null. Når ord og kroppsspråk ikkje stemmer overeins, snakkar vi om dobbeltkommunikasjon.

Einvegs og tovegs kommunikasjon

Når vi fortel eller skriv noko, ønskjer vi oss ein reaksjon frå mottakaren. Svaret vi får, kallar vi for tilbakemelding eller respons. I samtalar og diskusjonar får vi personleg og direkte tilbakemelding. Då snakkar vi om tovegs kommunikasjon.

Det er ikkje alltid mogleg med ein slik direkte kontakt mellom sendar og mottakar. Når eit kleskonsern gjennomfører ein reklamekampanje, veit sendaren ikkje korleis kvar enkelt mottakar reagerer på kampanjen. Dersom salet aukar i etterkant av kampanjen, kan sendaren sjølvsagt slutte seg til at bodskapen har nådd fram, men denne tilbakemeldinga er ikkje direkte. Når det ikkje finst nokon direkte, personleg kontakt mellom sendar og mottakar, snakkar vi om einvegs kommunikasjon.

Kommunikasjonsformer

Måten vi kommuniserer på og kva for nokre kanalar vi kommuniserer gjennom, er i stadig endring. Vi kallar det for kommunikasjonsformer.

  • Personleg kommunikasjon er tovegskommunikasjon mellom to eller få personar, der deltakarane møtest ansikt til ansikt. Kommunikasjonen er privat og prega av direkte tilbakemeldingar.
  • Personleg mediert kommunikasjon er ei blanding av privat og offentleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium. Deltakarane skiftar på å vere sendarar og mottakarar.

  • Massekommunikasjon er kommunikasjon der éin sendar formidlar ein bodskap til mange mottakarar samtidig gjennom eit medium. Avsendaren er profesjonell, og mottakarane har avgrensa høve til å gi tilbakemelding.
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon