Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ver varsam-plakat for influensarar?

No og då kjem det opp diskusjonar om influensarar, youtubarar, bloggarar og andre ikkje-redaksjonelle medieaktørar treng ein eigen ver varsam-plakat. Tiltak kjem òg opp med ujamne mellomrom for å imøtekome behovet, men ingen praksis er etablert. Kva løysing vel de?
Gruppe med farga silhuettar av personar som snakkar saman. Illustrasjon.

Lag ein ver varsam-plakat, og diskuter verdien av han

Influensarar kommuniserer med større eller mindre målgrupper gjennom kanalar i sosiale medium. Ein influensar er normalt ikkje knytt til nokon redaksjon og må derfor ikkje følgje dei etiske retningslinjene i Ver Varsam-plakaten.

Både redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar er avhengige av inntekter frå marknadsføring. Etter marknadsføringslova skal det vere eit klart skilje mellom redaksjonelt og marknadsretta innhald.

Hos enkelte influensarar kan skiljet ofte vere uklart. Innlegg er ofte personlege, og produktplassering skjer utan merking.

  1. Les Ver Varsam-plakaten. Samanfatt kvar av dei fire seksjonane med minst fem stikkord.
  2. Svar på spørsmåla:
    • Kva er Ver Varsam-plakaten?
    • Kva er føremålet med Ver Varsam-plakaten?
    • Kven må ta omsyn til kven?
    • Kva omsyn bør takast?
  3. Køyr idémyldring med andre:

    • Kva skal føremålet med ein ver varsam-plakat vere for ikkje-redaksjonelle medieaktørar?
    • Kven skal ta omsyn til kven?
    • Kva omsyn skal takast og korleis?
  4. Lag ein ver varsam-plakat for ikkje-redaksjonell publisering.

    • Skriv fem til ti setningar.
    • Start gjerne setningane med "Ein influensar bør ...".
  5. Presenter og del plakatane i klassen. Bli gjerne samde i klassen om ein plakat de tar utgangspunkt i.
  6. Diskuter kva verdi ein slik plakat kan ha:
    • Kva fordelar og ulemper har ein ver varsam-plakat?
    • Kven vil oppleve desse fordelane og ulempene?
    • Kva forskjell vil det gjere om alle følgjer denne ver varsam-plakaten?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon