Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan ein kommunikasjonsrådgjevar?

Ein kommunikasjonsrådgivar jobbar ofte med medierelaterte oppgåver. Mange har erfaring frå nyheitsbransjen før dei startar i kommunikasjonsbransjen. Særleg er det mange journalistar som jobbar som kommunikasjonsrådgivarar.
Tine Sundtoft får gode råd frå kommunikasjonsrådgivar Erik Aasheim på pressefonferansen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du ønskjer å jobbe innan kommunikasjonsbransjen, har du mange moglegheiter. Du kan jobbe innan offentleg sektor, for eksempel i kommunikasjonsavdelinga i kommunen din, i eit statleg departement, eller i ei kommunal eller statleg bedrift. Du kan også få jobb i private selskap med eigne kommunikasjonsavdelingar, eller i eit byrå som spesialiserer seg på PR-rådgiving og kommunikasjon.

Oppgåve

  • Gjer eit nettsøk på desse orda: «ledig stilling kommunikasjonsrådgivar».
  • Gå gjennom tre til fire av søkjeresultata du får opp. Noter deg nokre av kompetansekrava, arbeidsoppgåvene og dei personlege kvalifikasjonane utlysingstekstane listar opp.
  • Kva for nokre av desse er medierelaterte?
  • På kva måtar er dei det?
  • I kommunikasjonsbransjen er det vanleg å tilsetje personar som har jobba som journalistar. Korleis kan ein journalistbakgrunn vere nyttig i ei slik stilling?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon