Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit virtuelt galleri- eller museumsbesøk

Du kan få ei virtuell oppleving ved å besøkje ein stad via internett. I denne oppgåva kan du hente inspirasjon frå eit galleri eller museum. Virtuell verkelegheit er ein illusjon som blir skapt ved hjelp av teknologi. Dette kan du prøve for eksempel ved bruk av VR-briller.
Jente som har på VR-briller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Gjer eit virtuelt besøk i eit kjent galleri eller museum. Vel eit museum der du kan finne inspirasjon til ei oppgåve du held på med på skulen. Du kan til dømes vitje kunstmuseet Louvre, Nasjonalgalleriet i London eller Metropolitan Museum of Art.
  2. Fann du inspirasjon til vidare arbeid gjennom den virtuelle opplevinga? Kva kan du bruke vidare i oppgåva di?
  3. Ei virtuell oppleving kan ikkje samanliknast med eit verkeleg besøk i museumet. Drøft med sidemannen, eller i klassen, fordelane og ulempene med virtuelle opplevingar.
Ein mann med VR-briller ser ein person som kjem fram frå pikslar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Virtuell verkelegheit omfattar alle opplevingar som tek deg med inn i ei virtuell verd.

Desse opplevingane kan skapast ved hjelp av verkeleg videoinnhald, datagenerert innhald eller ein hybrid av begge. Ved å prøve virtuelle hovudtelefoner eller virtuelle briller kan du få tilgang til opplevingar du vanlegvis ikkje har moglegheit til.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet