Hopp til innhald

Fagstoff

Teknikkar i skisseteikning

Gode reiskapar og eit riktig grep på blyanten høyrer med når du lagar skisseteikningar. Når du teiknar skisser, handlar det om å finne dei riktige strekane, bestemme kva detaljar som må med, og kunne forenkle motivet.
Utstyr til skisseteikning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosess og reiskapar

Ein god skisseprosess begynner gjerne med at du bruker ein blå fargeblyant til å skisse grove former med lett hand. Bruk så ein tynnare blå blyant til å tydeleggjere dei skissestrekane du liker. Til slutt kan du tusje opp skissa!

Eit elektrisk viskelêr kan vere godt å ha dersom du ønskjer å ta vekk små detaljar av skissene. Ved små skisser er det lettare å fjerne detaljar med eit elektrisk viskelêr. Men bruk gjerne eit vanleg viskelêr.

Grunnen til at det er smart med blå skisseblyant, er at fargen er enkel å få bort i skanning. Du skannar berre tusjstreken.

Bruk av handa på papiret

Papir

Bruk gjerne det same papiret som ein bruker til laserskrivarar eller blekkskrivarar. Dette er eit godt papir som ikkje «blør», det vil seie at tusjen ikkje trekkjer utover i papiret. Dessutan er det eit billeg papir.

Trykk på blyanten

Lær deg å vere lett på handa. Ei skisse består av mange «søkjande» strekar. Då finn du etter kvart forma, og då kan du streke under utviklinga i skissa gjennom å trykkje litt hardare der forma skal vere.

Ikkje ha for mykje vinkel på blyanten når du aukar trykket, for då knekkjer spissen lettare.

Streklengde

Lange bevegelsar tek lengre tid og bruker meir bly og blekk. Det aukar også faren for slitasje i ledd som skulder og olboge. Lag heller små skisser, ikkje lengre enn det handleddet når.


Hand som grip ein blyant. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handrørsler

Kjenner du etter, merkar du det er lettare å bevege handa og blyanten i nokre retningar enn i andre. Derfor kan du bruke den andre handa som ikkje skisserer til å rotere arket. Slik vil teiknehanda bevege seg i «riktig» retning heile tida.

Det er enklare å bevege handa i alle retningane dersom strekane er korte.

Dette strekar under kor mykje enklare det er å skisse smått. Held du lenger bak på blyanten, er det enklare å lage lengre strekar. Skal du derimot jobbe med detaljar, held du nærmare spissen. Men hugs å ikkje hengje deg opp i for mange detaljar under skisseprosessen.

Å forenkle systematisk

  • Ei skisse handlar om å beskrive noko visuelt med strekar og linjer på ein enkel måte. Kva for hovudlinjer må med, kva er vesentlege detaljar, og korleis skal motivet forenklast?

I starten kan det vere smart å bruke litt tid på å få på plass og bli komfortabel med sin eigen skisseteknikk. Etter kvart vil du bli så sikker at du kan gå rett på tusjing.

Hugs at øving gjer meister!

Prosess som viser skisse av eit menneske som syng og spelar gitar. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Trekk opp dei enklaste formene med organiske former. Bruk så lett hand at ein skannar ikkje vil få med strekane. Her kan du bruke mykje strek.
  • Stram opp med ein tynnare fargeblyant.
  • Deretter tusjar du figuren, så han blir meir synleg.
  • Den siste skissa er den same som nummer tre, men ho er skanna som bitmap, og då kjem ikkje dei blå skissestrekane med.
  • Skisserer du menneske, er blikkretning og kroppsdelar i aktivitet sentralt å få med, mens med landskap er det hovudlinjer og val av utsnitt som blir viktig.
Prosess for skisse av landskap. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forenkling av retning, rørsle og avstandar

Skisseteknikker perspektivteikning. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit hovud kan vere ein runding med to prikkar, ein bil blir ein kasse med fire hjul.

Skal du skisse opp situasjonar der det er rørsle eller kommunikasjon mellom menneske, som for eksempel i eit storyboard, er det viktig å ha med detaljar i skissa som viser retning, perspektiv, rørsle og avstandar.

Ein mjølkekartong teikna i perspektiv. Illustrasjon.

Hjelpestrekar ved skisser i perspektiv

Skal du lage skisser i perspektiv, er det smart å teikne hjelpelinjer for å få objektet til å bli riktig.

Då er det smart å øve seg på ting som er firkanta eller rektangulære i forma, som for eksempel mjølkekartongar og bilar.

Etter kvart kan du prøve deg på objekt som har sylinder- og sirkelformer.

Tips til slutt

Om korleis og kvifor skisse:

  • Små skisser går raskare å lage, og du heng deg mindre opp i detaljar.
  • Det er viktig at skissene er raske å teikne.
  • Legg merksemda di direkte på det du skissar med blyantspissen.
  • Når du skissar, er det lettare å sjå kommande problem.
  • Ofte får du betre idear mens du lagar skisser. Andre kan dessutan komme med tilbakemeldingar som gjer at du straks kan skisse på nytt, og betre.
CC BY-SASkrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2017

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet