Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag tankekart til musikk

I eit tankekart sorterer du ideane dine på ein fri og visuell måte. I denne oppgåva samarbeider de i klassen for å kome på flest mogleg idear. De skal lage eitt eller fleire tankekart. Arbeid i grupper for å kunne byggje vidare på kvarandre sine idear. Den eine assosiasjonen fører til den neste.
Tankekart med ordet "DRIKKEVANN" i midten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

De treng

  • ark/kartong i stort format, til dømes A1 eller A2
  • tusjar i ulike fargar
  • magasin og aviser
  • musikk

Oppgåve

  1. Del inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe får ein tusj med ulik farge.
  2. På førehand legg de fram store ark. Det skal vere like mange tankekart som grupper, og de fordeler arka rundt i klasserommet. Heng arka på veggen, legg dei på golvet, eller plasser dei på ulike bord.
  3. Bestem på førehand kva som skal stå i midten av dei ulike tankekarta. Vel det som er aktuelt for oppgåva dykkar, til dømes tema, bodskap, målgruppe, medietype eller kanal.
  4. Bli samde om kva musikk de skal spele, og kor lenge de skal spele musikk før de byter gruppene rundt.
  5. Personen som leiar aktiviteten, startar musikken, og kvar gruppe skriv så mange stikkord dei klarer. Når musikken blir stoppa, må alle slutte å skrive og gå til neste tankekart. I tillegg til ord kan de teikne små skisser på arka.
  6. Hald fram til alle har jobba på alle tankekart. Det er om å gjere at fargen i gruppa dekkjer mest mogleg av arka.
  7. For å velje ut dei beste ideane, kan de avslutte med å setje ein strek under dei ideane de vil jobbe vidare med.
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet