"Kode rød": Gjer ein tekstanalyse
"Hva er det egentlig som er i ferd med å skje med kloden vår?"
Nettsak, VG: Kode rød
A) Vurder kommunikasjonen
Forklar kommunikasjonsprosessen i VG-saka. Bruk Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: "Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?"
Bruk prosessmodellen for å beskrive kommunikasjonsprosessen meir inngåande, med innkoding, avkoding og problem som kan oppstå med støy.
Kva verkemiddel og uttrykksmåtar blir nytta for å formidle bodskapen i saka?
Kva verkemiddel blir brukte for å spele på kjenslene til mottakarane?
Trur de VG når fram til målgruppa si med denne saka? Grunngi svaret.
B) Reflekter rundt meininga til medieteksten
Korleis vil de vurdere samspelet mellom bodskap, avsendar, mottakar og den kulturen eller samfunnet som kommunikasjonsprosessen er ein del av?
Bruk gjerne ein interaksjonsmodell som hjelpemiddel når de skal beskrive og forstå meininga med medieteksten.
C) Vurder hensikt og funksjon
Kva er formålet med medieteksten?
Kva funksjon har journalistiske saker som tek opp på klimaspørsmål?
D) Vurder konteksten
I kva kontekst er medieteksten skapt? Vurder samanhengen mellom tekst og kontekst.
Ekstraoppgåve
Finn døme på andre saker i norske og internasjonale medium som tek opp klimaspørsmål. Ver kjeldekritisk og vurder kva som er hensikta med kommunikasjonen.
Relatert innhald
Lær om lineære kommunikasjonsmodellar og interaksjonsmodellar.