Hopp til innhald

Fagstoff

Lineære kommunikasjonsmodellar og interaksjonsmodellar

Korleis bruker vi teori og modellar som hjelpemiddel for analyse av kommunikasjon? Her får du eit overblikk over lineære kommunikasjonsmodellar og interaksjonsmodellar.
To unge kvinner smiler mens dei ser på bileta i eit kamera. Den eine står, den andre sit ved ein pult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjonsmodellar kan hjelpe deg til å beskrive og vurdere prosessen i ulike kommunikasjonssituasjonar. Du kan òg bruke dei som verktøy for å forstå og planlegge eigne medieproduksjonar. Når du skal analysere og vurdere avsendarar, mottakarar og målgrupper i ein kommunikasjonsprosess, kan du bruke kommunikasjonsmodellar som hjelpemiddel.

Ein modell er ei forenkla framstilling av ein samanheng. Det finst mange ulike kommunikasjonsmodellar, dei legg vekt på ulike sider og aspekt ved kommunikasjonsprosessen.

Lineære kommunikasjonsmodellar og interaksjonsmodellar

Medieforskinga skil mellom to hovudretningar for å beskrive og forstå kommunikasjonsprosessar. Den eine retninga ser på kommunikasjon som informasjonsoverføring, den andre retninga ser på kommunikasjon som samhandling, eller interaksjon.

Ut frå desse hovudretningane har det vorte utvikla ulike typar kommunikasjonsmodellar.

1. Lineære kommunikasjonsmodellar

Desse modellane beskriv kommunikasjon som informasjonsoverføring. Her er kommunikasjonsprosessen i prinsippet styrt av avsendaren, og formålet er ofte å skape ein bestemd effekt hos mottakaren. Omgivnadene kan påverke dei ulike ledda i kommunikasjonen, og lineære modellar kan gi rom for tolking hos mottakaren.

Døme:

  • Den enkle kommunikasjonsmodellen: Denne modellen legg vekt på overføringa av bodskapen frå avsendaren til mottakaren.

  • Prosessmodellen: Koding, avkoding og støy er sentrale omgrep i modellen.

2. Interaksjonsmodellar

Desse kommunikasjonsmodellane legg vekt på kommunikasjon som samhandling, eller interaksjon.

I interaksjonsmodellar er avsendaren og mottakaren aktive deltakarar, og kommunikasjon blir sett på som ein dynamisk prosess som går føre seg over tid. Modellane tek utgangspunkt i meininga som kommunikasjonsprosessen skaper. Dei fokuserer ofte på samspelet mellom bodskapen, avsendaren, mottakaren og den kulturen eller samfunnet som kommunikasjonsprosessen er ein del av.

Døme:

  • Sosiale faktorar i kommunikasjon: Sosiale faktorar som kjønn, alder, utdanning og status påverkar korleis vi kommuniserer med kvarandre.

  • Forståingshorisontar: Dei kulturelle forforståingane dine, sjølvforståingar og erfaringar dannar utgangspunktet for forståinga di.

Kjelder

Schwebs, T., Ytre-Arne & B., Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Det Norske Samlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Modellar for analyse av avsendarar og mottakarar