Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein dokumentasjonsvideo

I denne oppgåva skal du dokumentere og vurdere din eigen produksjonsprosess med ein video.
Ungdom med fotokamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein dokumentasjonsvideo

Dokumentasjonen av ein produksjonsprosess kan visast fram på ulike måtar. Han kan vere skriftleg og/eller visuell. I denne oppgåva skal du fokusere på det visuelle.

Bruk bilete, videoklipp og lyd for å vise og reflektere over produksjonsprosessen i eit arbeid du har gjort.

  1. Du skal grunngi vala du har teke, og vise korleis du har jobba for å sikre kvalitet i dei ulike fasane av produksjonsprosessen.

    Planlegg strukturen på videoen, og skriv manus. Hugs å få med fagord. Kva element må du ha med for å vise korleis og kvifor du har gjort noko, og ikkje berre kva du har gjort? Dokumentasjonsvideoen skal vere kort (2–4 minutt), og du må sørgje for å få med det viktigaste.

  2. Saml dokumentasjonen din. Ta bilete eller video av planar og dokument frå produksjonsprosessen, både frå idéutviklinga og gjennomføringa, til dømes tankekart, skisser, dreiebok, manus og produksjonsplanar. Prøv å få god kvalitet på bilete og video.

  3. Spel inn forteljarstemme.

  4. Set saman bilete, video og forteljarstemme i eit eigna videoredigeringsprogram. Legg til andre passande lydkjelder. Du bør ha ein tekstplakat i starten av videoen som seier noko om kva slags medieproduksjon du har dokumentert. Bruk gjerne dramaturgi og verkemiddel for å halde på merksemda til mottakarane.

  5. Vis videoen for klassen, og reflekter rundt fordelar og ulemper ved å bruke videodokumentasjon for å dokumentere ein produksjonsprosess.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2021

Læringsressursar

Dokumentere og kvalitetssikre medieproduksjonar