Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitetssikring i medieproduksjon

Kvalitet i medieproduksjon handlar om å innfri krav og forventningar gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produksjon. Det kan vere til dømes subjektive forventningar til eit samarbeid, eller meir objektive, tekniske krav om universell utforming.
Kreativt team diskuterer eit bilete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kvalitet?

Overskrifta på plakaten er stava feil. Replikkane i eit lyddrama druknar i støyen frå trafikken. Biletet på Instagram har dårleg oppløysing. Har du opplevd slike ting før? Sannsynlegvis. I desse tilfella har noko gått gale på vegen.

Objektiv kvalitet

Kvalitetssikring handlar om å tilfredsstille forventningar og krav til kvaliteten i ein medieproduksjon. Nokre kvalitetskriterium er lette å vurdere. Desse kriteria handlar om objektive krav, som teknisk kvalitet. Overskrifta må vere riktig stava, vi vil høyre replikkar tydeleg, og vi vil sjå god biletkvalitet.

Subjektiv kvalitet

Andre kvalitetskriterium er baserte på smaken din og min og er vanskelegare å måle. Det kan handle om val av skodespelarar i ein film eller fargebruken i eit design. Slike kvalitetskriterium kallar vi subjektive.

Tenk kvalitetssikring i alle fasar

Du kan byrje å tenkje kvalitetssikring frå den første idéen blir skapt og heilt fram til medieproduksjonen er ferdig og publisert. Viss du ser at noko ikkje fungerer undervegs, bør du ta eit steg tilbake og gjere noko med det.

Får du ikkje den responsen du hadde tenkt, må du stille spørsmål: Kvifor har ikkje produksjonen den kvaliteten han skal ha? Korleis kan eg vidareutvikle innhaldet og utforminga?

Å kvalitetssikre i medieproduksjon inneber systematisk sjekk av ei rekkje punkt:

  • Er det noko som forstyrrar kommunikasjonen?

  • Er det samsvar mellom innhaldet og forventningar knytte til tema, sjanger eller form?

  • Er føremålet og dei økonomiske rammene avklarte?

  • Er krava til teknisk standard for mellom anna biletoppløysing og filtypar oppfylte?

  • Er designet innanfor dei gitte retningslinjene?

  • Er krava om universell utforming og metadata oppfylte?

  • Er etiske retningslinjer og reglar for kreditering og merking følgde?

  • Er det gjort tilfredsstillande kjeldearbeid med god kjeldebruk og kjeldekritikk?

  • Gjer dei involverte jobben sin?

  • Hugsar du å dokumentere prosessen?

To som vurderer bilete på ein PC-skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentasjon og kvalitetssikring

Tenk over

Korleis kan de forbetre eller diskutere ein produksjon? Kva får de ut av diskusjonar dersom de har dokumentert prosessen?

Dokumentasjon og kvalitetssikring høyrer saman. Dersom resultatet ikkje er av høg nok kvalitet, gjeld det å finne ut kvar det ikkje gjekk etter planen. Slik vidareutviklar de både kompetansen og arbeidsprosessen dykkar og produktet. De har skapt dykkar eige kvalitetssikringssystem.

Kvalitetssikringssystem i bedrifter

Bedrifter av ein viss storleik overlèt ikkje kvalitetssikringa av innhaldet dei leverer på marknaden, til den enkelte tilsette. Dei har eit system for kvalitetssikring. I dette systemet blir det sett opp normer for korleis innhaldet skal vere. Dersom sluttresultatet ikkje blir slik som norma, snakkar vi om eit avvik.

Ein skulle tru at det gjeld å få færrast mogleg avvik. Det er til ein viss grad rett, men i ein organisasjon med eit velfungerande kvalitetssikringssystem vil vi ha flest mogleg avvik. Berre gjennom ein løpande forbetringsprosess kan produkt og tenester utvikle seg, og derfor er det viktig at ingen i organisasjonen sluttar å rapportere avvik.

Døme: NRK

NRK samarbeider med eksterne produsentar, og då prøver dei å sikre kvalitet gjennom å dokumentere behov og stille krav. Behovsmeldinga til NRK inkluderer krav til kva slags kvalitetar dei ønskjer seg når det gjeld innhald.

Døme på behovsmelding frå NRK:

NRK Super

Karakterdrevet humordrama.

Humor er en viktig del av NRKs tilbud til unge, og nå ser vi etter nye serier som er særlig relevante for 14-åringer. Vi ønsker oss følgende kvaliteter:

  • Utgangspunkt i profiler og/eller komikere som allerede er kjent og elsket av 14-åringer.

  • Originalitet: vi og målgruppen vil gjerne bli overrasket.

  • Historier og tematikk med relevans for unge tenåringer.

  • Kostnadseffektiv produksjon.

  • Referanser: «Førstegangstjenesten» og «Kongen av Gulset».

Kjelde: Hansen, M. T. (2021, 13. september). Nye behovsmeldinger høsten 2021. NRK. https://www.nrk.no/ekstern/nye-behovsmeldinger-hosten-2021-1.15647464

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021

Læringsressursar

Dokumentere og kvalitetssikre medieproduksjonar