Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prøv baklengs evaluering

Bruk dette vurderingsverktøyet til å reflektere over pluss og minus i medieproduksjonen din.
To som arbeider ved sidan av kvarandre ved ein pult, set knoke mot knoke. Foto.

Vurder fasane i medieproduksjonen din

Start med å vurdere ein ferdig medieproduksjon som du har vore med på å lage, eller står bak. Deretter vurderer du gjennomføringa, og så planlegginga av produksjonen. Finn element som er bra, og element som kunne vore betre. I staden for å starte evalueringa kronologisk, med planlegginga, går du altså bakover i tid frå ferdig produksjon.

Sjå samanhengar mellom produksjonsfasane

Vurderer du produksjonsprosessen din baklengs, hjelper det deg med å sjå samanhengar mellom fasane i ein medieproduksjon. Hoppar du til dømes over planleggingsfasen, går det ut over gjennomføringa og resultatet. Blir du bevisst korleis du jobbar gjennom fasane i ein produksjon, utviklar du produksjonspraksisen din òg.

Ta lærdommen med til den neste medieproduksjonen din

Baklengs vurdering hjelper deg også å oppdage kvalitetar ved produksjonen din. Du ser kva som er bra, og du finn noko som du kan forbetre til neste gong. Positive oppdagingar må du ta med vidare til framtidig arbeid. Finn du ut kva som gjekk gale, kan det førebyggje at du gjer same feilen på nytt.

Kilde

Rogers, S. (2017). Evaluering og kvalitetsarbeid i Den kulturelle skolesekken. Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken. https://docplayer.me/47129898-Evaluering-og-kvalitetsarbeid-i-den-kulturelle-skolesekken.html

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021

Læringsressursar

Dokumentere og kvalitetssikre medieproduksjonar