Hopp til innhald

Fagstoff

Fagsamtalar i prosjekt

Undervegs i eit prosjekt er det nyttig å få rettleiing gjennom ein fagsamtale. Å forklare prosessen for andre kan hjelpe deg til å sjå kva du bør jobbe vidare med.
Ein elev snakkar med ein lærar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er lurt å førebu seg før ein fagsamtale. Ta med deg skisser, planar, bilete og arbeidet frå research, slik at du kan visualisere idéen og arbeidsprosessen din. Øv deg på å bruke fagord når du beskriv prosjektet ditt.

Fagsamtalar kan også brukast til eigenvurdering og refleksjon rundt eiga læring.

Rettleiande spørsmål til ein fagsamtale

Idéutvikling

  • Korleis fungerte idéfasen? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  • Kvifor valde du den idéen du gjekk vidare med?

Planlegging og utprøving

  • Korleis fungerte førearbeidet og utprøvingane? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Gjennomføring

  • Korleis fungerte arbeidet med idéen din? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  • Har du andre kommentarar til ditt eige arbeid og innsatsen din?

Eigenvurdering

  • Kva synest du om produktet ditt?
  • Ville du ha gjort noko annleis viss du skulle løyst oppgåva på nytt?

Refleksjon over eiga læring

  • Kva har du lært gjennom prosjektet?
  • Kva bør du jobbe vidare med?

Oversikt over fasane i ein medieproduksjon

Sjekk til slutt at du har fått snakka om og reflektert rundt alle fasane i ein medieproduksjon. Bruk denne oversikta som støtte i arbeidet:

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021

Læringsressursar

Dokumentere og kvalitetssikre medieproduksjonar