Hopp til innhald
Oppgåve

Kvar veke gjennom året: studer og diskuter dagens nyheitsbilete

Kva er dagens store nyheit? I denne oppgåva skal du studere, undersøkje og diskutere samfunnsaktuelle saker.

I denne oppgåva skal du studere, vurdere og diskutere aktuelle nyheiter saman med medelevane dine.

Som medieelev er det viktig at du er oppdatert på saker og tema i den offentlege samtalen. På eksamen skal du vise til aktuelle døme frå offentleg samfunnsdebatt.

Oppgåve

Sjekk dagens nyheiter. Gå inn på ulike norske nyheitsnettstader, både lokale og nasjonale redaksjonelle medium.

1) Studer dagens nyheitsbilete

  1. Kva for saker er på dagsordenen?

  2. Kva er dagens store sak lokalt?

  3. Kva er dagens store sak nasjonalt?

2) Finn vesentlege nyheiter

Nyheitskriterium beskriv kva som kjenneteiknar nyheiter. Vesentlegheit blir ofte rekna som det viktigaste nyheitskriteriet og kan knytast til samfunnsoppdraget til pressa. Før du svarer, kan du gjerne lese artikkelen om nyheitskriterium.

  1. Finn døme på nyheiter som er vesentlege og viktige for offentlegheita.

  2. Kvifor meiner du/de at desse nyheitene er vesentlege og viktige for publikum?

  3. På kva måte kan sakene knytast til samfunnsoppdraget til pressa?

3) Vel ut éi av nyheitene

Studer nyheita og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor står saka på dagsorden?

  2. Kva er tema og bodskap i denne nyheita?

  3. Vurder kjeldebruk i saka.

  4. Vurder argumentasjon i saka.

  5. Ta sjølv stilling til argumenta som blir presenterte i saka, gjerne med utgangspunkt i det du kan frå mediefaget og dine eigne erfaringar med media.

4) Presenter nyheita for medelevar i gruppe

Gå inn på desse punkta:

  • Ta for deg temaet i saka. Finn argument for og mot temaet i saka.

  • Kvifor er denne saka viktig for offentlegheita?

  • Kva konsekvensar kan saka få for demokratiet?

Kom med innspel og tilbakemeldingar til kvarandre i gruppa. Diskuter og drøft. Presenter nyheita og refleksjonane for resten av klassen til slutt.