Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet argumentasjon og drøfting
Her kan du sjekke kva du har lært om argumentasjon og drøfting. Det kan hjelpe deg i førebuingane til skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3.
Kva kan du om argumentasjon og drøfting? Kan du svare ja på alle desse spørsmåla?
Eg kan vurdere kvaliteten på ulike argument og kjenner til nokre vanlege argumentasjonsknep.
Eg veit kva som er forskjellen på standpunkt, argument og premiss.
Eg veit korleis eg kan leggje fram argument for og mot påstandar.
Eg har kjennskap til korleis eg kan drøfte mediefaglege spørsmål, både skriftleg og munnleg.
Omgrep
standpunkt
argument
premiss
drøfte