Hopp til innhald

Fagstoff

Lær deg argumentasjonsknepa

Når du skal vurdere kvaliteten på argument, så er det nyttig å kjenne til nokre vanlege argumentasjonsknep. Viss du oppdagar at nokon bruker desse, kan det vere lurt å vere på vakt. Kanskje vedkommande byrjar å gå tom for gode argument?
Journalist insisterer på svar frå politikar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleirtalsknepet

"No er vi det eineste landet i Europa som ikkje har klart å redusere CO2-utsleppa våre."

"Eg trur alle som er her i dag, er einige i at det er viktig at vi har nok lærlingplassar."

Her speler ein på at dei fleste ønskjer å tilhøyre fleirtalet – ein vil ikkje skilje seg ut.

Bruk av autoritetar eller ekspertar

"Ifølgje ein ny forskingsrapport har Vestlandet dei dårlegaste vegane i landet."

"Det beste eg kan anbefale til frukost, er havregraut", seier autorisert klinisk ernæringsfysiolog B. Rød-Hansen.

Viss ein ikkje har spesielt god kunnskap om eit saksområde sjølv, kan ein "låne" truverde frå ekspertar på feltet. Med ein lang og vanskeleg tittel verkar ekspertuttalar endå meir truverdige. Eller?

Generelle eller uforpliktande formuleringar

"I tida framover skal vi jobbe for å få til eit best mogleg helsetilbod til alle innbyggjarane i kommunen."

"Vi skal ha ein skule utan mobbing."

Når ein ikkje har noko konkret å vise til, kan det vere ein strategi å seie noko som er veldig generelt som ingen er ueinige i. Viss ein i tillegg er uklar om når dette skal gjelde, og om kven som har ansvaret, så har ein lykkast i å lage ei generell og uforpliktande formulering.

Utskjelling

"Det er noko av det dummaste eg har høyrt. Og eg har høyrt mykje!"

Viss nokon byrjar å argumentere ved å skjelle ut andre, så er dette eit sikkert teikn på at ein har sloppe opp for gode argument.

Fordommar og mistenkeleggjering

"Nordlendingar er opne og bannar mykje når dei snakkar."

"Dei som køyrer el-bil, gjer det berre for å vise andre kor miljøvennlege dei er."

Fordommar kan vere haldningar til ein person eller ei gruppe, som ofte er baserte på mangelfull kunnskap. Ein har kanskje høyrt eller sett noko fleire gonger og overfører dette til å gjelde generelt.

Tåkeprat

"For konstruktive prosessar i etterkant av skulevurderinga blir det anbefalt at skulen differensierer og tilpassar framlegginga av resultata i basisanalysen i tråd med anbefalingane, innhaldet og modellane for den umiddelbare oppfølginga av skulen."

Somme uttrykkjer seg med vilje så vanskeleg som mogleg fordi dei veit at mange lèt seg imponere eller skremme av lange setningar krydra med framandord og faguttrykk. Andre kan bruke fine ord for å pakke inn ein lite hyggjelig bodskap, eller for å uttrykkje seg så vagt og uforpliktande som mogleg.

Ironi

"Det synest eg er ein god idé! La oss berre gi bort alle pengane våre til utanlandske selskap."

Ironi betyr å seie det motsette av det ein meiner. Den som bruker ironi, signaliserer overfor mottakaren: "Viss du forstår kva eg eigentleg vil seie, er du lur, og vi har noko felles!".

Slik skaper ironien ein fellesskap mellom sendar og mottakar. Den eller dei som ironien går ut over, blir derimot utestengd frå denne fellesskapen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Lær å argumentere og drøfte