Hopp til innhald

Fagstoff

Rus

Rus påverkar både funksjon, yteevne og personlegdom. Livsstilen vår har betydning, og uheldige val kan gi konsekvensar.
Flasker med medisin som blir tømde i ein synapse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rusmiddel verkar på nervesystemet

Inntak av rusmiddel kan med ein gong gi ei kjensle av velvære, samtidig som konsentrasjon, minne og andre hjernefunksjonar blir svekte.

Ein blir meir impulsiv, og evna til å gjere kritiske vurderingar minkar.

Gjenteken rusmiddelbruk kan føre til avhengnad og gi varige skadar.

finst både i produkt som blir selde lovleg, til dømes alkohol og løysemiddel, i reseptpliktige legemiddel, som morfin og benzodiazepin, og i ulovlege narkotiske stoff.

Rusmiddel verkar på nervesystemet ved at dei
  • stimulerer utskiljing av transmitterstoff – auka aktivitet

  • hindrar at transmitterstoff blir brotne ned – auka aktivitet

  • etterliknar transmitterstoff – auka aktivitet

  • blokkerer for utskiljing av transmitterstoff – hemmar impulsar

  • blokkerer reseptorar i synapsen – hemmar impulsar

  • hemmar oppattak av transmitterstoff

Endring i hjernen over tid – avhengnad

Gjenteken bruk av rusgivande stoff kan føre til langvarige endringar i den frontale delen i hjernen. Ein person som har misbrukt rusmiddel over lang tid, kan dermed bli meir impulsiv og mindre kritisk til eigne handlingar, òg i rusfri tilstand.

Det er òg vanleg at rusverknadene minkar etter gjenteken bruk. Dette blir kalla toleranse og kjem mellom anna av at hjernecellene tilpassar seg rusverknaden, og at "kvileaktiviteten" i hjernecellene blir senka. Det kan føre til at kvardagslege positive hendingar ikkje gir like mykje glede og positive kjensler som før.

Risikoen for avhengnad oppstår når rusmiddelbrukaren kjenner behov for å kome ut av det låge stemningsleiet og løyser problemet med rusmiddel.

Tekst i filmen "Rusmiddel – hjernen er eit flipperspel"

Hjernen består av milliardar av nerveceller som verkar i eit komplekst nettverk.

Nervecellene kommuniserer ved å frigjere spesielle signalsubstansar som stimulerer nærliggjande nerveceller og modulerer signalaktiviteten i desse cellene.

Bruk av rusmiddel fører til gradvis utvikling av ein kompleks hjernesjukdom karakterisert av forandringar i hjernestrukturen og hjernefunksjonen.

I tidleg fase gir rusmiddelbruken sterkt behag.

Når bruken held fram, føre det til stadig mindre behag og stadig meir ubehag når ein ikkje tek rusmiddel.

Sidan hjernestrukturen gradvis blir endra, får ein eit behov for stadig større dosar for å halde ubehaget borte. Hjernefunksjonen blir òg endra.

Endringa i hjernestrukturen og hjernefunksjonen – den avhengige hjernen – fører til tvangsmessig jakt etter rusmiddel trass i skadelege konsekvensar for den avhengige.

Dei behagelege opplevingane er no historie.

Langtidsbruk av rusmiddel fører til endringar som gir stadig meir alvorleg avhengnad. Problemet med å endre denne livsstilen er ikkje mangel på moral eller vilje. Det er slik avhengnaden er av natur.

Rusmiddel skader hjernen. Rusmiddel skader deg og familien din.

Unngå avhengnad!

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Helsa di