Hopp til innhald
Fagartikkel

Hjernen din

Det er nyttig å forstå kva som skjer i hjernen når han blir utsett for ytre påverknad. For å forstå kva som skjer, kan vi bruke den tredelte hjernen som ein arbeidsmodell.

Korleis blir hjernen utvikla?

Hjernen er eit komplisert organ som gjer oss i stand til å sanse, tenkje og styre rørslene til kroppen. Utviklinga i hjernen startar frå svangerskapsveke fire. Utviklinga går føre seg gjennom heile svangerskapet og heile barndommen, og hjernen blir rekna som fullt utvikla først ved 25-årsalderen.

I hjernen blir all informasjonen vi får, lagra. Det kan vere synsinntrykk, luktar, lydar, opplevingar, faktakunnskap, erfaringar og innlærte handlingar. Noko informasjon er vi klar over at vi tileignar oss, noko blir utført automatisk, noko hugsar vi berre eit par sekund, og noko kan vi hugse resten av livet.

Hjernen utviklar seg på bakgrunn av korleis han blir brukt. Vi seier derfor at hjernen er bruksavhengig. I dei første fem åra blir hjernemassen tredobla, og det går føre seg ein enorm produksjon av nervebanar. I samspel med omgivnadene sine får barnet nye erfaringar og kunnskap som blir lagra i nervebanar i barnehjernen. Jo fleire formålstenlege samband vi lagar i nervebanane, jo betre bruks- og utviklingsgrunnlag er det for barnet. Vi seier at hjernen blir utvikla i samspel mellom dei biologiske føresetnadene og miljøet rundt barnet, det er eit samspel mellom arv og miljø.

Den tredelte hjernen

Hjernen fungerer som ein heilskap, og for å få ei forståing av kva som skjer i hjernen i ulike situasjonar, bruker vi modellen som vi kallar den tredelte hjernen.

Her blir hjernen delt inn i tre ulike område ut ifrå kva ansvarsområde dei har. Den nedste delen kallar vi den sansande, sjølvstyrte hjernen, så kjem kjenslehjernen, og til slutt kjem den tenkjande hjernen. Alle dei tre delane må ha kontakt med kvarandre for at vi skal kunne handtere situasjonar på ein best mogleg måte.

Sansehjernen (overlevingshjernen)

Sansehjernen er den "eldste" delen av hjernen og blir òg kalla reptilhjernen eller overlevingshjernen. Denne delen av hjernen inneheld system for å justere kroppstemperatur, hjarterytme, blodtrykk, søvn/vaken tilstand, svolt/mette og andre kroppsleg styrte prosessar. Ansvarsområdet til sansehjernen er instinkt som er viktige for at vi skal overleve. Vi må til dømes reagere raskt i farlege situasjonar. Alt vi ser, høyrer, luktar, kjenner og smaker, blir oppfatta og lagra i sansehjernen.

Vi har ulike typar instinktive overlevingsmekanismar, som refleksar (trekkje til oss handa når vi legg ho på ei varm plate), rope om hjelp, flukt, kamp, frystilstand og total overgiving.

Kjenslehjernen

Kjenslehjernen blir òg kalla pattedyrhjernen eller det limbiske systemet og vart utvikla for 250 millionar år sidan. I kjenslehjernen er det spesielt to strukturar du må kjenne til: amygdala og hippocampus.

Amygdala er alarmsentralen i hjernen. Når vi blir utsette for farar, har han to måtar å reagere på: den raske vegen eller den langsame vegen. Den raske vegen sender signal fort ut i kroppen slik at kroppen set i gang dei ulike overlevingsmekanismane som du las om under sansehjernen (flukt, skrik og liknande). Den langsame vegen går via tenkjehjernen, og han gjer oss i stand til å tenkje igjennom om situasjonen er farleg eller ikkje.

Hippocampus blir kalla biblioteket i hjernen. Her blir alle minna lagra frå dei situasjonane og hendingane vi hamnar i. Alle dei tidlegare erfaringane våre blir lagra, og dei hjelper oss til å sortere ut kva som er farleg eller ikkje farleg. Saman med tenkjehjernen hjelper hippocampus til med å regulere ned stress og vonde kjensler når alarmsentralen av hjernen har vorte aktivert.

I kjenslehjernen finn vi evna til tilknyting og omsorg og utvikling av kjensler. Kjenslene er eit slags signalsystem som fortel oss korleis vi har det, og dei kjenslemessige reaksjonsmønstera blir danna i dei første leveåra. Dei blir påverka av korleis omsorgspersonane har klart å møte dei kjenslemessige behova til barnet.

Tenkjehjernen

Tenkjehjernen blir òg kalla menneskehjernen. Her har vi funksjonar som fornuft, refleksjon, planlegging, medvit, dømmekraft og evna til å ta avgjerder. I tenkjehjernen blir stress, kjensler og evna til tilknyting og regulering i relasjonar regulerte. Denne delen er avhengig av at det har vore god tilknyting og reguleringsstøtte dei første to–tre leveåra.

Andre viktige delar av tenkjehjernen er området som har med medvit å gjere, å vere til stades i noet og område for innsikt og forståing (kunnskap).

Utfordringar til deg

  1. Har du nokon gong vorte skikkeleg redd utan at det eigentleg var fare på ferde? Kvifor skjedde det, trur du?

  2. Kva kan du gjere for å dempe signal frå hjernen?

  3. Kva trur du kan redusere eller øydeleggje samspelet og funksjonen til hjernen?

Kjelder

Tran, V. ( 2019, 24. april). Utviklingen av hjernen. Norsk helseinformatikk. https://nhi.no/kroppen-var/fosterets-utvikling-embryologi/hjernens-utvikling/

Heradstveit, O. (u.å.). Omsorgssvikt og nevrobiologi: Slik blir skades hjernen til barnet av omsorgssvikt. Hjelp til hjelp. https://www.hjelptilhjelp.no/sorg-og-traumer/omsorgssvikt-og-nevrobiologi-en-hjerne-i-konstant-alarmberedskap

Ringereide, K. & Thorkildsen, S. L. (2019). Folkehelse og livsmestring. Tanker, følelser og relasjonar. Pedlex.