Hopp til innhald

Fagstoff

Alkohol og arbeidsliv

Alkohol kan vere svært avhengnadsskapande. Dersom du drikk mykje og ofte, kan alkoholen skade dei indre organa i kroppen og svekkje evna til å fungere i yrkeslivet, sosialt, fysisk og psykisk.
Bartender tappar grøn væske frå kran i tappetårn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alkohol er eit lovleg rusmiddel i Noreg. Det er det vanlegaste rusmiddelet som er i bruk, og vi ser òg at alkohol er det som har flest personlege og sosiale konsekvensar.

Effekten av alkohol

Alkohol har ein dempande og bedøvande effekt på kroppen. Hos den som drikk for mykje alkohol, kan dømmekrafta, minnet og evna til å konsentrere seg bli svekt. Personen kan få store humørsvingingar og endre personlegdom.

Det er viktig å vere merksam på at det ofte er store individuelle skilnader i korleis folk blir påverka av alkoholen. Desse skilnadene har samanheng med alkoholkonsentrasjonen i blodet. Alkoholen blir sogen opp i blodet via magesekken og tarmane, og ruseffekten hender etter cirka 20 minutt. På den tida er alkoholen frakta rundt i kroppen via blodet til cellene.

Det er knytt ein vesentleg helserisiko til eit stort alkoholinntak. Det aukar mellom anna risikoen for enkelte former for kreft og leversjukdommar. Det er òg ein fare for høgt blodtrykk og hjerneslag.

Mengda av alkohol i blodet blir rekna i promille. 1 promille svarer til 1 gram alkohol per liter blod. Kor mykje ein drikk, kva ein drikk, og om ein drikk alkohol på tom mage, avgjer promillen.

I Noreg er promillegrensa for å køyre bil 0,2. Ved promille på mellom 1 og 2 blir ein ofte ustø, sløv og får vanskar med å snakke og halde seg vaken. Det er òg vanskeleg å ta vare på seg sjølv med ein så høg promille. Ved svært høg promille kan pustesenteret i hjernen bli lamma. Ein alkoholkonsentrasjon på omkring 3 promille eller høgare kan vere dødeleg.

Sosiale samanhengar utan alkohol

Dersom du veldig ofte drikk alkohol når du møter vener, kan det vere ein idé å finne på noko anna. Det er bra å bryte ut av eit mønster der alkohol er sentralt. Foreslå ein tur på eit klatresenter, kino eller ein tur ut i marka. Mekking på moped, motorsykkel eller bil er ein kjekk vennaktivitet. Biljard og bowling er òg veldig sosialt.

Til ettertanke

  • Kva kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære om alkohol?

  • Kva trur du er årsaka til at dette kompetansemålet står i læreplanen din?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Helsa di