Hopp til innhald

Fagstoff

Søvn og tryggleik

Aktivitet, søvn og kvile har stor betydning for fysisk og psykisk helse. For å kunne vakne utkvilt er både kvaliteten og lengda på søvnen avgjerande. Å vere utkvilt er viktig når du skal jobbe i tekniske og risikofylte arbeidssituasjonar. Du reduserer risikoen for skade ved å vere utkvilt.
Ei ung kvinne søv på PC-tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betydninga av søvn

Søvn er viktig for at kroppen og hjernen skal fungere godt. Under søvnen skjer det endringar i funksjonane til kroppen, og desse endringane gjer oss fysisk og mentalt sterke til å møte ulike utfordringar i kvardagen. Mellom anna blir utskilling av stresshormon redusert, og stoffskiftet går over i kvilemodus.

Under søvnen er undermedvitet i stor aktivitet. Evna til innlæring, minne og kreativ tenking blir styrkt. Ein går ut frå at draumar har betydning for bearbeiding og sortering av inntrykk og kjensler.

Søvnbehov

Søvnbehovet varierer frå person til person og kjem an på mellom anna alder. Spedbarn søv 16–18 timar i døgnet. Barn i skulealder søv 9–12 timar i døgnet. Vaksne sitt søvnbehov er 6–9 timar i døgnet. Ein del eldre har færre timar med nattesøvn, men har behov for å kvile éin eller fleire gonger i løpet av dagen.

Søvnbehovet blir òg påverka av andre faktorar. Både fysisk og psykisk sjukdom og ulike påkjenningar kan føre til auka behov for søvn. I tillegg kan menneske som lid av einsemd eller depresjon, bruke søvn som ein måte å kome seg vekk frå kvardagen på.

Balanse mellom aktivitet, søvn og kvile

Ein god balanse mellom aktivitet, søvn og kvile har stor betydning for fysisk og psykisk helse. Du må finne din eigen balanse mellom aktivitet og kvile.

Det er lett å hamne i ein vond sirkel der mangel på aktivitet og for mykje kvile gir auka trøyttleik på dagtid og dårleg søvn om natta. Dårleg nattesøvn kan igjen gi trøyttleik og redusert evne til konsentrasjon og aktivitet på dagtid.

Ein utkvilt kollega er ein god kollega

Når du skal jobbe med store maskiner, høgt trykk eller i høgda saman med andre, er det viktig at du er konsentrert og merksam. Det kan hindre farlege situasjonar og store ulykker.

Til ettertanke

  1. Kvifor er søvn viktig?

  2. Korleis kan du lage deg gode søvnvanar?

Kilde

Bjorvatn, B. (2021, 7. januar). Søvnregistrering og søvnstadium. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsykdommer, Helse Bergen HF. https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno/sovnregistrering-og-sovnstadier

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten, Wenche Heir, Marit Smith Sørhøy og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Helsa di