Hopp til innhald
Fagartikkel

Felles standardar

NORSOK-standarden er utarbeidd i samarbeid mellom operatørselskapa, interesseorganisasjonar og styresmaktene for å skape ei einsarta og samstemd drift av operasjonar på norsk sokkel. Standarden regulerer detaljar om kvalitet på utstyr og sikker operasjon.

Sentralt i emnet

  • NORSOK-standardar
  • Standard Norge
  • Internasjonale standardar

NORSOK-standardar

Petroleumsindustrien vart møtt med mange teknologiske utfordringar då norsk sokkel skulle utviklast. Det førte til ei rivande teknologiutvikling – som framleis er svært viktig – med mange individuelle løysingar for dei ulike felta som skulle byggjast ut. Det førte òg med seg høge kostnader til utvikling og drift på norsk sokkel.

Prosjektet NORSOK vart derfor sett i gang for standardisering av løysingar. NORSOK står for "NORsk SOkkels Konkurranseposisjon". Prosjektet vart starta i 1993 for å redusere gjennomføringstida for utbyggingsprosjekt og redusere kostnader knytte til utvikling og drift på norsk sokkel. NORSOK-prosjektet var eit samarbeid mellom , Norsk Industri og styresmaktene (Oljedirektoratet).

NORSOK-prosjektet utarbeidde eit felles sett med standardar for dei fleste petroleumsaktivitetane på norsk sokkel. Standardane blir oppdaterte og vidareutvikla i tråd med behov skapte av ny teknologi og nye arbeidsprosessar. I tillegg til NORSOK-standardane er petroleumsaktiviteten òg underlagt mange internasjonale standardar.

Standard Norge

For å få heilskaplege standardar er no NORSOK ein del av Standard Norge. Standard Norge har ansvar for å utvikle standardar innan alle relevante område (petroleum, post, tele, elektro og så vidare) og representerer Noreg i internasjonale komitear innan alle standardiseringsområde. Norske standardar er derfor til kvar tid oppdaterte og i tråd med internasjonalt regelverk. Dette er viktig for norsk petroleumsindustri, som ofte opererer i den internasjonale marknaden.

Dessverre er det i seinare tid bestemt at NORSOK-standardane ikkje skal vere gratis tilgjengelege på nettet, noko som reduserer tilgjengelegheita for undervisningssituasjonar. Nokre få standardar kan likevel lastast ned gratis, sjå nedst nede på informasjonssida til Standard Norge (standard.no).

Relatert innhald