Ulykker og tiltak på norsk sokkel
- Historia på norsk sokkel
- Utvikling av felles HMS-kultur
- Gode resultat
I 1974 var det ni dødsfall på åtte ulykker på ulike installasjonar offshore. Installasjonane var dårleg sikra, og stillasarbeid vart utført utan fagleg kompetanse. Det medførte at mange fall ned, anten på eit lågare nivå eller i sjøen, og omkom. Det var òg mange dødsfall i samband med dykkararbeid.
Den største ulykka på norsk sokkel var Alexander Kielland-havariet i 1980, der 123 oljearbeidarar mista livet. Alexander Kielland-plattforma var ein flytande bustadrigg som var kopla opp til ein borerigg med ei gangbru. Dei som jobba på boreriggen, hadde overnatting og opphald på Alexander Kielland-riggen. Du kan lese meir om dette på sida "Alexander L. Kielland"-ulykka (ekofisk.industriminne.no).
Utgreiinga etter ulykka medførte nye krav til stabilitet i flytande installasjonar. Prinsippet om redundancy – overflødigheit for utstyr og konstruksjon vart då innført på norsk sokkel.
Periode | 1967–1979 | 1980–1989 | 1990–1999 | 2000–2009 | 2010–2019 | Samla |
---|---|---|---|---|---|---|
Konstruksjonar og maritime system | 6 | 134 | 0 | 1 | 1 | 142 |
Helikopter | 34 | 0 | 15 | 0 | 13* | 62 |
Fallulykker | 25 | 12 | 7 | 1 | 1 | 46 |
Dykking | 10 | 6 | 0 | 0 | 0 | 16 |
Løfting | 3 | 0 | 2 | 3 | 0 | 8 |
Arbeidsulykker på fartøy | 1 | 1 | 3 | 3 | 0 | 8 |
Brann og eksplosjon | 5 | 1 | 0 | 0 | 0 | 6 |
Boreoperasjonar | 0 | 1 | 3 | 0 | 0 | 4 |
Forgiftingar | 3 | 1 | 0 | 0 | 0 | 4 |
Andre | 1 | 1 | 1 | 1 | 0 | 4 |
Samla tal på døde | 88 | 157 | 31 | 9 | 14 | 300 |
* Helikopterulykke ved Turøy: Alle 13 om bord omkom i ulykka.
Til ettertanke
Samanlikn periodane 1967–1989 og 2000–2019. Kva viser dette?
Kva trur du er årsaka til at talet på dødsulykker har utvikla seg slik?
Serviceselskapa, oljeselskapa, fagforbund og styresmaktene tok tidleg fatt i problemstillingane knytte til helse, miljø og tryggleik. Dagens regelverk, HMS-fokus og tryggingskultur i norsk petroleumsverksemd er bygd opp i eit tett samspel mellom desse. Dette samarbeidet, trepartssamarbeidet, er unikt i verdssamanheng. Du kan lese meir om det på sida trepartssamarbeid (snl.no).
Statistikk viser at petroleumsnæringa har ei svært positiv utvikling, og samanlikna med andre yrkesgrupper, som til dømes i helsesektoren, jordbruk og byggjeverksemd, oppnår petroleumsnæringa låge ulykkestal i forhold til gjennomførde arbeidstimar.
Internasjonalt er petroleumsnæringa anerkjend for ein høg HMS-standard, og det er høg HMS-standard på norsk sokkel i dag. Både regelverk og personlege haldningar bidreg til det. Den fine utviklinga på norsk sokkel er synleg gjennom eit godt system for verneombod og personleg ansvar for eigen og andre sin tryggleik på arbeidsplassen.
Vi veit at arbeidsplassen offshore er ein av dei sikraste i verda. Vi ser òg at dødsfall relaterte til arbeidsulykker er vesentleg høgare på land enn offshore.
Arbeidsrelaterte dødsfall i Noreg i perioden 2003 – 2012
Samanlikninga av tala er henta frå registera til Havindustritilsynet og Arbeidstilsynet:
Årstal | Samla i Noreg | Samla i petroleumssektoren |
---|---|---|
2003 | 50 | 0 |
2004 | 38 | 0 |
2005 | 48 | 1 |
2006 | 31 | 0 |
2007 | 37 | 1 |
2008 | 51 | 0 |
2009 | 42 | 1 |
2010 | 46 | 0 |
2011 | 53 (*) | 0 |
2012 | 36 | 0 |
Gjennomsnitt per år | 42,2 | 0,3 |
(*) 22. juli-hendinga er ikkje rekna med.
Relatert innhald
Ta quizzen og finn ut kva du kan om tryggleik på norsk sokkel.