Hopp til innhald
Fagartikkel

Lovane i petroleumsverksemda

Styresmaktene har utarbeidd ei petroleumslov som forvaltar ressursane på norsk sokkel. I tillegg er arbeidarar og miljøet verna gjennom arbeidsmiljølova og forureiningslova.

Sentralt i emnet

  • Petroleumslova
  • Arbeidsmiljølova
  • Forureiningslova

Oljen og gassen på norsk sokkel er ein naturressurs som er eigd av den norske staten.

Styresmakter

I Noreg er Stortinget den lovgivande forsamlinga som vedtek lover og lovendringar. Norsk lov er det øvste regelverket som styrer folk, land og ressursar. Språket er veldig presist i lovene, derfor blir det utarbeidd som skal utdjupe og forklare lova sin intensjon (hensikt). Forskrifta er støttedokument til lova og blir vedteken hos Kongen i statsråd, departementet eller andre organ som skal forvalte forskrifta.

Sokkeldirektoratet (SD) vart oppretta i 1972 og skulle forvalte olje- og gassressursane på norsk sokkel på vegner av styresmaktene.

I 2004 vart arbeidsmiljø- og tryggingsoppgåvene skilt ut frå SD, og Havindustritilsynet (Havtil) vart oppretta. Havtil har sidan hatt med all petroleumsverksemd på norsk sokkel og i mottaksanlegg, raffineri og gasskraftanlegg på land.

Havindustritilsynet skal kontrollere og sørgje for at lova, reglar og forskrifter som er relevante for den norske petroleumsverksemda, blir følgde.

Lover

Dei viktigaste lovene for petroleumsverksemda er petroleumslova, arbeidsmiljølova og forureiningslova.

Petroleumslova

Petroleumslova slår fast at staten eig petroleumsressursane på norsk sokkel og gir føringar for god utnytting av ressursane. Lova beskriv sentrale verkemiddel for å sikre statleg styring av ressursane, som utvinningsløyve.

Utvinningsløyve

Eit utvinningsløyve gjeld eit avgrensa område innanfor rutenettet (blokker) som sokkelen er delt inn i. Løyvet inkluderer aktivitetar som leiteboring, produksjon og transport av olje og gass. Utvinningsløyvet blir ofte omtalt som lisens. Løyvet er tidsavgrensa, ofte 30 år.

Olje- og energidepartementet kunngjer og tildeler slike løyve. Søkjaren må vere kvalifisert, det betyr at selskapa er godkjende som operatør og leverandør innan petroleumsverksemda og registrert som skattebetalande firma i Noreg. Selskapa som får utvinningsløyve, forpliktar seg til å gjennomføre aktivitetane og drifta i samsvar med norsk lov.

Petroleumslova er altså enkelt sagt ei lov som beskriv rettane til å forvalte petroleumsressursane våre.

Arbeidsmiljølova

Formålet i arbeidsmiljølova er å sikre trygge arbeids- og tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet. Lova skal òg sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og ho skal bidra til eit inkluderande arbeidsliv. Lova gjeld for all offentleg og privat verksemd i Noreg.

Delar av arbeidsmiljølova blir erstatta av rammeforskrifta for arbeid på norsk kontinentalsokkel. Mellom anna gjeld det føresegnene om alminneleg arbeidstid, som er definert i rammeforskrifta § 37.

Forureiningslova

Forureiningslova skal verne det ytre miljøet mot forureining, påverke for å redusere eksisterande forureining, redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering.

Lova skal sikre ein forsvarleg miljøkvalitet, slik at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går utover trivsel eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova gjeld for all offentleg og privat verksemd i Noreg.

Relatert innhald