Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av arbeidet offshore

For å halde orden på alle aktivitetane som blir utførte dagleg på ein installasjon offshore, må alt planleggjast og sjekkast opp mot kvarandre. Det krevst godkjent arbeidsløyve (AT, av "arbeidstillatelse") for mykje av arbeidet som skal utførast, men ikkje for alt arbeid.
To arbeidarar står på helikopterdekket og nyt solnedgangen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om jobben før du reiser offshore

Dersom du reiser på fast rotasjon, er det ikkje alltid naudsynt å hente inn informasjon om status før du reiser ut. Nokon som allereie er offshore, vil informere deg når du kjem om bord slik at du veit kva som skal gjerast. Dette er vanleg for mellom anna boreoperatørar, cateringstilsette og andre faste besetningsmedlemmer offshore.

Dei som jobbar i brønnservice, reiser ut på eit oppdrag og inn på land etterpå. For at du skal vere godt førebudd, vil arbeidsgivar eller oppdragsgivar kalle inn til eit møte før du reiser offshore. I dette møtet får du informasjon om kva som skal gjerast, kva område og kva brønn du skal jobbe på, og kva utstyr som skal brukast.

I dette møtet er det viktig at du hentar inn så mykje informasjon som mogleg. Spør gjerne om tidlegare erfaringar.

  • Var det nokon som gjorde noko veldig smart den førre gongen?

  • Er det kome nye prosedyrar for arbeidet?

  • Er det noko som er særleg vanskeleg eller komplisert som du må passe på?

  • Kva type dokumentasjon er forventa frå jobben?

Planlegging av mange aktivitetar

Dersom noko skal haldast ved like, byggjast om, monterast mellombels eller liknande, må vi planleggje i god tid. Det er fordi vi treng delar, verktøy og fagpersonell til slike aktivitetar.

Det meste av arbeid som skal utførast, blir bestilt gjennom eit arbeidsordresystem (AO). Det er områdeansvarlege, brønnansvarlege eller boreleiar som lagar ein arbeidsordre. AO skal beskrive kva som skal gjerast, der det skal gjerast, og kvifor det skal gjerast.

Mykje av aktivitetane er planlagde i lang tid på førehand, som til dømes mobilisering av wireline-utstyr til brønnservice eller til ein brønn. Då finst det ein plan for brønnaktiviteten som grunnlag for mobiliseringa. Likevel skal den daglege aktiviteten om bord planleggjast slik at ingen går i vegen for andre, og slik at utstyret ikkje er til hinder for andre.

Korleis blir arbeidsdagen planlagd offshore?

Vi melder inn aktivitetane som skal utførast ein dag i førevegen. Det gir leiinga god tid til å vurdere og koordinere aktivitetane. Ein annan grunn til å koordinere arbeidet er å hindre at ein gjer to risikofylte arbeidsoperasjonar samtidig, i nærleiken av kvarandre, eller at nokon opnar eller stengjer ventilar før systema er klare. skal alltid ha oversikt over kva system som er opne og stengde på røyrsystema om bord.

Innmelding av aktivitetar skjer i form av ein arbeidsordre, ei aktivitetsmelding eller ein søknad om arbeidsløyve når det er naudsynt.

Leiinga sitt daglege koordineringsmøte

Leiinga om bord held eit dagleg planleggingsmøte. I møtet deltek HMS-leiar, boreleiar, områdeansvarlege og andre etter behov. Når det skal utførast ein heilt spesiell jobb i ein brønn, hender det òg at brønnservicepersonell deltek i møtet.

Alle aktivitetar som er planlagde, det vil seie aktivitetar som ikkje treng eit løyve, og aktivitetar som er melde inn på søknad om nivå 1 og nivå 2, blir vurderte samla. Det gir alle ei oversikt over moglege risikoelement som må behandlast før aktivitetane kan startast.

Arbeidsløyve kan bli utsett slik at andre og viktigare aktivitetar kan prioriterast først.

Til ettertanke

Du oppdagar eit ventilratt som har fått ein stygg knekk. Du veit at du har eit tilsvarande ratt i reservedelane dine.

  • Er det greitt å fikse noko som er øydelagt utan å varsle det inn først?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Planlegg arbeidet