Slik blir arbeidsløyve brukt offshore
Alt rutinearbeid inne i bustadmodulen er friteke frå arbeidsløyvesystemet. Det er òg fleire arbeidsaktivitetar utanfor bustadmodulen som kan utførast utan AT. Det er mellom anna rutinemessige operasjonar innanfor produksjon, boring, logistikk eller maritime operasjonar, der arbeidet blir utført innanfor gjeldande prosedyrar og krav.
Arbeid som har middels eller høg risiko, og som ikkje er rutinearbeid, skal alltid ha eit arbeidsløyve. Vi deler arbeidet inn i to nivå: høg risiko i arbeidsløyve nivå 1 og middels risiko i arbeidsløyve nivå 2.
Arbeidsløyve nivå 1 krevst for alt arbeid med høg risiko som skal godkjennast av plattformsjefen. Det er
varmt arbeid klasse A
varmt arbeid klasse B som skal utførast i klassifiserte område
entring
utkopling av tryggingssystem
opning av hydrokarbonførande system
trykktesting
arbeid over sjø
arbeid med farlege kjemikaliar
arbeid med radioaktive stoff
arbeid med lavradioaktive avleiringar (LRA)
brønnoperasjon/brønnintervensjon
arbeid med eksplosiv
kritiske løfteoperasjonar
kritiske arbeidsoperasjonar (inkludert høgtrykksspyling og arbeid i høgda)
Arbeidsløyve nivå 2 trengst på arbeid med middels risiko, som
mekanisk arbeid
arbeid på elektrisk utstyr
arbeid på automasjons-, tele- og datasystem
rutinearbeid på hydrokarbonførande system utan fare for frigjering av hydrokarbon
arbeid på kjemikaliesystem utan fare for frigjering av kjemikaliar
stillasbygging
målingsarbeid
isoleringsarbeid
varmt arbeid klasse B i uklassifisert område
For alt arbeid som skal utførast, blir det laga ein plan og deretter ein arbeidsordre. Dersom arbeidsordren beskriv arbeid som krev arbeidsløyve, må det fyllast ut ein søknad om arbeidsløyve.
Eit arbeidsløyve er ein avtale mellom områdeansvarleg og utførande fagperson. Søknaden blir fylt ut med informasjon om kvar jobben skal utførast, og kva som skal gjerast. I søknaden skal den utførande eller leiaren prøve å beskrive risikoreduserande tiltak så godt som mogleg.
Fleire installasjonar har digitalisert systemet slik at du bruker eit nettbrett til dokumentasjon, teikningar og for å signere.
Den som er HMS-ansvarleg, skal gå gjennom søknaden og sjekke at alle naudsynte tryggingstiltak er beskrivne i søknaden.
Alle AT-søknader blir behandla i eit dagleg koordineringsmøte. Der skal områdeansvarleg, HMS-ansvarleg og leiinga kontrollere at ingen aktivitetar er til fare for andre aktivitetar. I møtet kan søknaden tilførast ekstra informasjon og krav om tiltak. Det skal òg vurderast om det er behov for at arbeidslaget må gjennomføre ein SJA før oppstart.
Søknaden om arbeidsløyve skal godkjennast av områdeansvarleg og dessutan plattformsjefen dersom det er ein nivå 1-søknad.
Ein AT på nivå 1 varer berre i 12 timar, det vil seie eitt skift. Dersom arbeidet ikkje er ferdig, kan områdeansvarleg forlengje løyvet inntil fire timar for det same skiftet. Dersom det ikkje er nok, må ein ny søknad om arbeidsløyve fyllast ut for neste skift.
Arbeidsløyve på nivå 2 kan ha ei varigheit på inntil 14 dagar og dekkjer fleire skift.
Når arbeidsløyvet er godkjent, skal området inspiserast. Dei som skal utfører arbeidet, skal òg gjennomføre risikoreduserande tiltak i området. Det er viktig å sjekke det signerte arbeidsløyvet om det har kome nye krav. Den utførande fagpersonen skal signere AT som ei stadfesting på at tiltaka er forstått og skal gjennomførast.
Dersom området, eller systemet det skal jobbast på, høyrer til ein områdeteknikar, skal denne òg inspisere systemet og sjekke at tryggingstiltaka er i orden. Teknikaren skal stadfeste at arbeidsstaden er klarert i samsvar med pålegg, og at risiko er identifisert. I tillegg skal han eller ho signere AT.
SJA blir gjennomført saman med områdeteknikar og dei utførande fagpersonane. Områdeteknikaren held ein før jobb-samtale dersom det ikkje er halde SJA.
Når arbeidet er avslutta, skal utøvande fagperson trygge, rydde og reingjere området/systemet og signere for at dette er utført på AT.
Områdeteknikar skal kontrollere at alt er tilbakestilt og klart til drift, deretter skal òg teknikaren signere AT.
Arbeidsløyvet skal leverast tilbake til sentralt kontrollrom når alt er ferdig.
Vil du gå i djupna om arbeidsløyvesystemet? Du finn meir i retningslinja frå Norsk olje og gass:
Norsk olje og gass: 088 – Norsk olje og gass. Anbefalte retningslinjer for Felles modell for arbeidstillatelse (AT)
Til ettertanke
Kvifor er det så mange involverte i eit arbeidsløyvesystem?
Kva er formålet med arbeidsløyvesystemet?
Når vart dette innført som ein vanleg prosedyre for arbeid offshore?
Relatert innhald
Arbeidsløyva som blir brukte på norsk kontinentalsokkel, følgjer ein felles struktur basert på tilråding 088 frå Norsk olje og gass.
Bli kjend med arbeidsløyve-skjemaa for nivå 1 og nivå 2.