Arbeidet offshore blir styrt av prosedyrar, dokumentasjon og rapportering. Du skal kjenne til korleis du skal planleggje, utføre og rapportere arbeidsoppgåvene dine og formidle erfaringane dine vidare.
Når ein arbeidsoperasjon går over to eller fleire skift, er det viktig å formidle all naudsynleg informasjon i eit handover-møte. Der skal du både lytte og stille spørsmål.
Desse prosedyrane og retningslinjene er utarbeidde for å redusere uønskte hendingar som skader utstyr og menneske. Gode og dårlege erfaringar skal rapporterast slik at vi lærer av dei.