Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsløyve offshore

Arbeidsløyva som blir brukte på norsk kontinentalsokkel, følgjer ein felles modell basert på tilråding nr. 088 frå Norsk olje og gass.
To skjema (nivå 1 og nivå 2) for arbeidsløyve offshore. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norsk olje og gass: 088 – Norsk olje og gass. Anbefalte retningslinjer for Felles modell for arbeidstillatelser (AT)

Føremålet med arbeidsløyve er å sikre at alle forhold som gjeld risiko ved ein arbeidsoperasjon, er tekne omsyn til ved planlegging, førehandsgodkjenning, førebuing, gjennomføring og avslutting.

Det omfattar

  • å kontrollere risiko og førebyggje uønskte hendingar
  • å dokumentere tryggingstiltak og riktige godkjenningar
  • å koordinere samtidige aktivitetar og kontrollere grensesnitt
  • å kommunisere aktivitetar til alt aktuelt personell

Sjå eit døme på ein prosedyre for arbeidsløyve frå Talisman Energy Norway:

Talisman arbeidsløyve noAT

CC BY-SARettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 03.11.2017

Læringsressursar

Planlegg arbeidet