Hopp til innhald
Fagartikkel

Trykk- eller lekkasjetest?

Både permanente og mellombelse røyrsystem skal testast. Trykktesting gjeld for nye og modifiserte røyrsystem, og lekkasjetesting blir brukt i vanleg drift.

Risiko

Det er alltid ein viss risiko i samband med bruk av trykk. Dersom utstyret som blir testa blir øydelagt, blir det utløyst ein veldig energi som kan skade personar i nærleiken. Dersom testen ikkje blir gjennomført riktig, kan vi få lekkasje når systemet blir sett i drift. Derfor er det viktig at vi veit kva vi held på med, kvifor vi gjer det, og korleis vi gjer det.

Så sant det er mogleg, bruker vi vatn til testane fordi vatn ikkje kan komprimerast like mykje som gass. Det betyr at energien blir raskare frigjord om vi får eit brot under testen.

Kva er trykktesting og lekkasjetesting?

Trykktest er ei stadfesting på at røyra og koplingane mellom røyr, ventilar og manifoldar held tett. Trykktest av røyrsystem skal utførast når dei er nye, reparerte eller har fått nye komponentar. Nokre system skal òg testast jamleg eller årleg i samsvar med krav for systema.

Når vi trykktestar eit røyrsystem, skal det testast til ein verdi i forhold til designtrykket for systemet. Det er vanleg å trykkteste opp til 1,5 gonger designtrykk, men det er ikkje ein fast regel, derfor må vi sjekke designmanualen for systemet før vi testar. Trykktest av røyrsystem skal utførast når dei er nye, reparert eller har fått nye komponentar. Nokre system skal òg testast jamleg eller årleg i samsvar med krav for systema.

Lekkasjetest blir brukt når vi koplar opp mellombelse røyrsystem som skal brukast ein kortare periode, og for å teste status etter at vi har kopla frå og tilbake noko av røyrsystemet. Kvar gong vi koplar utstyr til brønnen, skal det lekkasjetestast før vi kan starte operasjonen vår.

Vi bruker lekkasjetesting mellom anna når vi koplar oss opp på brønnen med service-utstyr som BUP, sluser og røyr, og når vi lagar mellombelse røyr og manifoldar på dekk for å pumpe væske inn i brønnen.

I ein lekkasjetest skal første trinn alltid vere ein lågtrykkstest. Det er fordi han kan avsløre lekkasjar som ikkje "reparerer seg sjølve" med hjelp av trykket. Då får vi ei stadfesting på at systemet held tett både ved høge og låge trykk. Etter lågtrykkstesten skal systemet testast til den høge verdien. Dersom røyrsystemet skal brukast på brønnen, skal det testast til 1,5 gonger maksimalt forventa .

Trykktest blir utført ved nybygg og etter vedlikehald på konstruksjonen eller endringar i systemet.

Lekkasjetest skal utførast før eit system skal setjast i drift, og etter at det har vore opna og skal setjast i drift igjen.

Samarbeid for Sikkerhet har utarbeidd retningslinjer for å gjere synleg fleire detaljar om testing. Det er leverandøren/eigaren av utstyret som skal halde detaljprosedyrar for kvar enkelt type røyr eller system som skal testast. I testprosedyren skal det opplysast om trykklasse, designtrykkverdi og maksimalt arbeidstrykk for utstyret. Prosedyren skal òg beskrive testutstyr, testtrykk og korleis og kor lenge testen skal utførast.

I tillegg skal sikring av området, isolering av utstyret og avbløding etter testen blir omtalt.

Samarbeid for Sikkerhet: Trykk- og lekkasjetesting. SfS Anbefaling 028N/2016

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021