Godkjende røyrsystem med ventilar
I arbeid med brønnen jobbar vi mykje med mellombelse røyrsystem som vi koplar saman på overflata. Røyr, ventilar og slangar skal vere godkjende for det trykket dei kan bli utsette for.
Typiske situasjonar der vi bruker slikt mellombels utstyr, er ved påkopling av barrierar på ein brønn (kveilerør eller kabelarbeid) og i samband med pumpeoperasjonar i ein brønn (syrestimulering, gruspakking og liknande).
Til slike operasjonar bruker vi røyr, hurtigkoplingar, slangar, ventilar og manifoldar. Alt utstyr skal vere godkjent for det trykket som det kan bli utsett for. Vi må derfor vite kva som krevst av godkjenning og testing av desse systema.
Røyr, ventilar, koplingar og manifoldar blir laga etter krava i ein trykklasse. Materialet som blir brukt (stål, plast, legeringar) og tjukkleiken på røyrveggen avgjer kva trykklasse røyrsystemet har. Det er alltid den svakaste delen som bestemmer kva trykklasse systemet er godkjent for.
Trykklassen fortel oss kva som er det maksimale trykket systemet kan utsetjast for, utan å bli deformert eller at det sprekk eller lek. Når røyrsystemet er installert, skal det ikkje utsetjast for maksimalt trykk i dagleg drift. Vi set ei øvre trykkgrense, ein tryggingsmargin, som er lågare trykk enn trykklassen, og held oss under det.
Den øvre tryggingsmarginen er "maksimalt tillate arbeidstrykk". Det er det høgaste trykket som røyrsystemet kan utsetjast for i normal drift, utan fare for skade, sprekk eller lekkasje. Maksimalt tillate arbeidstrykk er alltid lågare enn trykklassen til systemet.
Det er naturleg at maksimalt tillate arbeidstrykk blir sett ned til ein lågare verdi etter nokre år i bruk, sidan røyret blir slite både på utsida og innsida.
Designtrykk er trykket som er i systemet ved normal drift. Det er god margin mellom maksimalt tillate arbeidstrykk og designtrykk, vanlegvis er maksimalt tillate arbeidstrykk to gonger høgare enn designtrykket. Derfor kan vi teste systemet med 1,5 gonger designtrykk og likevel ikkje kome opp til maksimalt arbeidstrykk for systemet.
Designtrykk er det trykket som skal vere i systemet ved normal drift.
Maksimum tillate arbeidstrykk er øvre grense for kva systemet kan utsetjast for ved normal drift.
Trykklassen fortel kor mykje materialet kan utsetjast for utan å få varig skade.