Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Test med væsketrykk

Når vi jobbar med trykk i røyr og røyrsystem, må vi tenkje tryggleik før, under og etterpå. Jobben skal planleggjast og utførast på ein riktig og sikker måte.

Samankopling av røyr og røyrsystem

Når vi koplar saman røyr, ventilar, manifoldar og anna utstyr til eit system, skal vi alltid gjere det slik som fabrikanten beskriv.

  • Hurtigkoplingar er lette å bruke, men dei skal opererast riktig slik at dei ikkje blir skadde.

  • Gjengekoplingar skal vere reine og skadefrie.

  • Dersom du møter motstand når du skrur saman koplingane, må du stoppe og justere slik at gjengane ligg riktig i forhold til kvarandre.

  • Slangar skal vere reine og skadefrie.

Når alt er skrudd saman og sjekka, skal det koplast opp til ei testpumpe.

Sikker jobb-analyse før testen

Dersom det er ein ukjend operasjon eller nye personar på jobb eller lærlingar til stades, er det tilrådd å gjennomføre ein før testinga.

Det skal vere utarbeidd ein testpakke med dokumentasjon som beskriv trykk, haldetid, krav for godkjenning av test, avblødingsprosedyre og naudsynte sjekklister. I gjennomgangen av arbeidsoppdraget er det viktig å samanlikne koplingsplan med faktiske koplingar. Då er det lettare å oppdage feilkoplingar.

Sjekk at alle koplingar er riktig utførte.

Mellombelse slangar og røyrkoplingar (1502 iron, chicksan, Weco og liknande) må sikrast med sikringswire eller sikringsstropp over alle koplingspunkt før testen.

Det er alltid tilrådd å sperre av området der testen skal utførast slik at ingen blir skadde dersom røyrsystemet blir øydelagt under testen.

Det trykksette systemet skal ha ein barriere mot for høgt trykk. Det er ofte ein sikringsventil på pumpa som blir utløyst på verdien for maksimalt trykk for systemet.

Trykktestpumpa

Testing av røyrsystemet

Når testen skal starte, er det viktig at røyrsystemet er tomt først. Det er fordi gass eller feil type væske i røyret kan føre til fare under testen.

Bruk vatn eller vatn tilsett dersom det er fare for isdanning.

Røyret skal fyllast med vatn frå det lågaste punktet i systemet. I det høgaste punktet til systemet skal det vere montert ein ventil som står open til friluft slik at lufta slepp ut av røyrsystemet. Dersom systemet ligg flatt, må det byggjast inn eit høgt punkt eller setjast ein ventil i den øvre sida av røyrsystemet lengst bort frå fyllingspunktet. I mellombelse røyr som er kopla saman på dekk, kan røyra vippast opp på ein pall i ein ende.

Når røyret er fylt, blir ventilen stengd i øvre punkt, og testen kan starte.

  • Først skal systemet testast til eit lågt trykk som skal haldast i 5 minutt. Det skal ikkje vere synlege teikn på lekkasjar.

  • Når lågtrykkstesten er godkjend, blir trykket auka til det høgaste testtrykket. Det skal haldast i minst 10 minutt.

Når du skal blø av testtrykket, må du sikre området og opne avblødingsventilen forsiktig. Ver merksam på tilbakeslagsventilar i systemet, dei vil ikkje sleppe trykket ned. Dersom det er tilbakeslagsventil i systemet, må trykket bli sloppe ut på motsett side av ventilen.

Dersom testvatnet er forureina, skal det leiast tilbake til tank eller til lukka dren.

Fjern sperringar, og rydd området.

Verifisering

Når røyrsystemet er ferdig testa og sett tilbake slik at det er klart til operativ drift, er det viktig at ventilposisjonar blir verifisert først. Det blir gjort med eit verifiseringsskjema som beskriv kva ventilar som skal stå i open posisjon, og kva for nokre av dei som skal vere stengde.

No er systemet klart for bruk.

Til ettertanke

Sjå videoen som viser test av eitt røyr. Vurder gjennomføringa og tryggleiken. Kva er bra, og kva kan forbetrast?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Trykk- og lekkasjetesting