Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeid på HC-førande utstyr

Når vi skal jobbe på trykkførande utstyr, må vi følgje riktige prosedyrar i forkant, undervegs og ved avslutninga av arbeidet. Alle involverte og ansvarlege skal vere informerte og forstå oppdraget. I tillegg har vi eigne reglar for verifikasjon ved arbeid på hydrokarbon-førande utstyr.

Ut av ein flens i eit røyrsystem sprutar noko som ser ut som væske eller gass. Litt lenger bak på røyret er det eit raudt ventilhjul. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme

Utføre: Ein person utarbeider ein isoleringsplan.
Verifisere: Ein annan kompetent person verifiserer planen.

Utføre: Ein person set isoleringane/barrierane.
Verifisere: Ein annan kompetent person verifiserer at alle isoleringane er sette riktig.

Utføre: Ein person tilbakestiller isoleringane/barrierane.
Verifisere: Ein annan kompetent person verifiserer tilbakestillingen.

To arbeidarar med oransje kjeledress, hjelm og høyrselvern står ved ein flensovergang i eit røyrsystem. Sett ovanfrå. Illustrasjon.

Håndboka Flensearbeid (Norsk olje og gass) har mer informasjon om prosedyrer.

Oppgåve

Du skal skifte ut ein flensovergang på ein prosessrøyrleidning om bord. Systemet er gammalt, og flensen har byrja å "sveitte", noko som er eit teikn på at det byrjar å leke.

Lag ein presentasjon av jobben din.

Forklar dokumentasjonsprosedyren, førebuingane, arbeidsprosessen, varslingsrutinane og avslutninga av arbeidet og dokumentasjonen.

Presenter for arbeidslaget (klassen) slik at alle om bord er informert.

Oppfølging

Arbeidslaget (klassen) stiller spørsmål til jobben slik at alle er riktig informert.

Hadde du tenkt på alt?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2018

Læringsressursar

Trykk- og lekkasjetesting