Hopp til innhald
Oppgåve

Sjå nærare på samspel mellom uttrykksmåtar

Oppgåve 1

Vel ei av lærebøkene dine og undersøk ho nærmare.

  1. Korleis er oppgåver og eventuelt fordjupingsstoff markerte?
  2. Finst det faktaboksar? Viss ja, korleis ser dei ut?
  3. Korleis er oppsummeringar markerte (om slike finst)?
  4. Kva for faste element finn du på kapittelforsidene? Beskriv.
  5. Kva for funksjon(ar) har bileta? Utdjupar dei stort sett teksten, eller gir dei for det meste nye assosiasjonar og perspektiv?

Oppgåve 2

Studér Amnesty-plakaten og løys deretter oppgåva.

  1. Beskriv kva for element plakaten består av, og kor dei er plasserte.
  2. Kva er stoppunktet (blikkfanget) på denne plakaten?
  3. Kva slags informasjon gir biletet?
  4. Kva slags informasjon gir dei andre elementa?
  5. Det finst eit spesielt tydingssamspel mellom eitt av elementa i plakaten og biletet. Forklar.
  6. Korleis bidreg fargebruken i plakaten til bodskapen?

Relatert innhald