Å skape tekstar om det du er oppteken av - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Å skape tekstar om det du er oppteken av

Korleis kan du nå fram til andre med det du er oppteken av? Møt fire kreative ungdommar som har valt ulike sjangrar å uttrykkje seg i, og la deg inspirere!
Video om ulike forhold knytt til det å skape ein tekst. Video: Applaus! Film & TV / CC BY-SA 4.0

Fay Wildhagen skriv songar og lagar musikk, Even Standal Vesterhus skriv manus for teaterscenen, Regine Toften Holst lagar teikneseriar, og Anna Rasmia bloggar. Kva gjer du når du vil formidle saker du er oppteken av?

Oppgåve

Del 1: Sjå filmen

  1. Kva fortel dei fire om kvifor dei bruker akkurat dei sjangrane dei har valt å utrykkje seg gjennom?
  2. Korleis går dei fram når dei skal lage teksten?
  3. Kva er dei fire opptekne av å formidle?

Del 2: Skap din eigen tekst

  1. Kva tema eller kva sak har du lyst til å formidle? Diskuter gjerne med medelevar for å få tak i kva dei kan frå før, og kva dei kan ønskje å få vite noko om.
  2. Kva vil du oppnå? Vil du overtyde, inspirere eller informere? Tenk over formålet med teksten din når du går vidare med utforminga.
  3. Korleis vil du formidle? Du kan velje ein av sjangrane du møter i filmen, eller du kan gjere noko heilt anna. Du kan jobbe aleine eller samarbeide med medelevar. Ver kreativ!
  4. Planlegg teksten. Tenk spesielt på korleis du set saman teksten: Skal du bruke bilete, video, lyd og så vidare? Korleis kan desse ulike uttrykksmåtane spele saman for at du skal nå fram med bodskapen din på best mogleg måte?
  5. Skap teksten!
Tips til læraren
  1. Dette er ei fin gruppeoppgåve, men somme elevar vil elske å få lage noko om sine eigne interesser. Legg gjerne til rette for begge delar.
  2. Knytt oppgåva til dei tverrfaglege temaa. Viss klassen nyleg har diskutert eit emne dei blei engasjerte i, kan de bli einige om at alle skal lage ein tekst knytt til dette.
  3. Prøv gjerne å styre elevane inn på ein sjanger dei ikkje har laga tekstar i før, så får dei utfordra kreativiteten sin.
  4. I del 3 kan tekstane delast i grupper, eller dei kan visast for alle i klasserommet. Det viktigaste her er å reflektere over korleis ulike sjangrar har styrkar og svakheiter når ein bodskap skal formidlast.

Del 3: Vurder tekstane

Del tekstane med kvarandre og gi kvarandre tilbakemelding. Hugs å alltid starte med det som fungerer godt, før du gir råd om kva som kan bli betre:

  1. Er bodskapen tydeleg?
  2. Speler alle uttrykksformene godt saman?
  3. Passar sjangeren til formålet? Kva er eventuelle styrkar og svakheiter?
Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2021