Teikneseriar
Dei første seriane var striper i aviser på 1890-talet. Teksten stod den gongen gjerne i eit felt under teikningane. I seriehefta som dukka opp på 1930-talet, fekk teikneseriane eit avansert sett med verkemiddel for å skape gode forteljingar.
Dei første seriane kom ut i USA, men etter kvart følgde dei europeiske landa etter. Særleg i Belgia og Frankrike oppstod det tidleg ein tradisjon for å fortelje lengre historier i seriealbum. I Japan utvikla dei ein eigen serietype som blir kalla manga, og som har blitt populær også i den vestlege verda.
I Noreg har vi fleire kjende og dyktige serieskaparar, som også får publisert seriane sine i utlandet. Frode Øverli (Pondus) og Lise Myhre (Nemi) er to av desse.
- I dag finst det mange ulike typar teikneseriar, både på papir og nett.
- Den vanlegaste er kanskje avisstripa, ei avslutta, humoristisk miniforteljing med faste figurar.
- I hefta kan serieskaparane fortelje lengre historier over fleire sider.
- Det mest verknadsfulle uttrykket finn vi i albuma, der historia kan strekkje seg over fleire hundre sider.
Serieteiknarane bruker i stor grad filmatiske verkemiddel når dei lagar rutene og sidene. Dei nyttar velkjende prinsipp for biletutsnitt, perspektiv, kontrastar osv. for å gjere forteljingane attraktive og spennande. Dei kan også variere boblespråket for å gi uttrykk for ulike kjensler og måtar å kommunisere på.
I dag ser ein gjerne på teikneseriar som relativt uskyldige, men slik har det ikkje alltid vore. På 1950-talet oppstod det moralsk panikk i den vestlege verda, og både psykologar og andre fagfolk påstod at teikneserielesing kunne få forferdelege konsekvensar for barn og unge. Dei store serieforlaga i USA måtte lage eit eige sett med sjølvpålagde avgrensingar for innhald og uttrykk. På 1970- talet kom så ein motreaksjon i form av undergrunnsblad med sterke skrekk- og sexscener.
Relatert innhald
Superheltar har endra seg. Samanlikn eigenskapane til moderne superheltar med dei klassiske teikneserieheltane.
Sjå nærare på formspråk og verkemiddel i teikneseriar