Hopp til innhald

Fagstoff

Synsvinkel og visuell overdriving i teikneseriar

Subjektivt bilete vil seie at teiknaren lar oss oppleve handlinga sett med auga til ein av personane. Teiknaren kan nytte bakgrunnen for å skape ekstra spenning. Eit typisk trekk ved teikneseriane er at dei effektivt bruker visuelle overdrivingar som verkemiddel.

Frå tilskodar til deltakar – iallfall nesten!

I ein teikneserie blir handlinga stort sett presentert utanfrå. Med dette meiner vi at lesaren følgjer personane på kort eller lang avstand. Men teiknaren kan også la oss få oppleve handlinga sett med auga til ein av personane. Dette verkemidlet kallar vi subjektivt bilete.

I biletrekkja nedanfor finn vi eksempel på bruk av subjektivt bilete: På bileta éin og tre ser vi mannen utanfrå, mens vi på bilete to ser ulven slik mannen sjølv oppfattar han.

Utsnitt fra Thorgal© Jean Van Hamme og G. Rosinski
Opne bilete i eit nytt vindauge

Romverknad

Flash Gordon av Alex Raymond, kvinne i hule. illustrasjon.

Det er viktig å skape djupn i bilete, slik at dei ikkje verkar flate. Teiknarane kan gjere dette på fleire måtar, blant anna ved å lage linjer innover i biletet. Linjene kan vere verkelege eller tenkte.

I eksempelbiletet til høgre har teiknaren plassert ei kvinne i forgrunnen. Ho ser innover i biletet, og teikninga får dermed djupn når vi følgjer blikket hennar.

Auka spenning

Flash Gordon av Alex Raymond, kvinne i hule og mennesker i huleinngangen. illustrasjon.

Men teiknaren kan også nytte bakgrunnen for å skape ekstra spenning. I biletet nedanfor har han til dømes lagt inn to menneske som spring rett mot kvinna. Vi følgjer blikket hennar, som treffer dei to menneska i staden for eit tomt rom.

Meir informasjon

Ved å utnytte både forgrunn og bakgrunn kan teiknaren leggje inn meir informasjon i biletet. Biletet fortel meir, rett og slett.

Eit typisk verkemiddel for sjangeren

Eit typisk trekk ved teikneseriane er at dei effektivt bruker visuelle overdrivingar som verkemiddel. Ruta nedanfor viser ein kraftig eksplosjon. Lyden blir uttrykt ved eit stort, lydmålande ”BOOM!”.

Korleis kan teiknaren forsterke verknaden av eksplosjonen? Til dømes ved å bruke kraftstrålar. Dei stråler ut frå sentrum, der vi kan vente at årsaka til ”boomen” ligg.

Det er sjølvaste Spiderman, eller Edderkoppen, som blir utsett for denne påkjenninga. Legg merke til kva veg han kjem, rett mot oss som lesarar! Dette forsterkar verknaden av eksplosjonen.

CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Samansette tekstar