Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter påstandar om samisk litteratur

Kunnskap om samanhengen ein tekst er skriven i, kan hjelpe oss til å forstå han betre. Samstundes er det slik at dersom vi set merkelappar på litteratur, kan det påverke måten vi oppfattar han på.
Tre studenter diskuterer samisk litteratur. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sit i grupper på fire. De skal ta stilling til og deretter diskutere påstandane nedanfor.

Hugs å grunngi standpunkta dykkar på ein sakleg måte. Det styrkjer også truverdet dykkar om de evnar å sjå saka frå fleire sider. Trekk gjerne inn poeng frå tekstane de har lese (og sett) om samisk litteratur.

  1. Berre samar kan forstå samisk litteratur.
  2. Ein tekst kan gjerne lesast og tolkast utan at vi veit noko som helst om bakgrunnen til forfattaren eller om samanhengen (konteksten) teksten er skriven i.
  3. Dess meir du veit om konteksten ein tekst er skriven i, dess større er sjansen for at du klarer å forstå teksten.
  4. Typiske tema i samisk litteratur er kjønnsroller, modernisering av samfunnet og motsetningar mellom by og land.
  5. Naturen er eit viktig motiv og symbol i samisk litteratur.
  6. Samisk litteratur tematiserer ofte forholdet og spenningar mellom minoritets- og majoritetssamfunn.
  7. Å få merkelappen “samisk litteratur” kan føre til at litteraturen ikke vert anerkjend på lik linje med annan litteratur.
  8. Å lese litteratur skriven av personar frå minoritetskulturar er viktig for å øve opp empati og for å verte medviten på moglege skeivheiter i samfunnet vårt.
  9. Eit eige språk og ein eigen litteratur er viktig for identiteten. Det gjeld både for enkeltmenneske og for grupper.

Relatert innhald

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018

Læringsressursar

Å vere i mindretal