Jobb med filmen Koftepolitiet
Kva er ei kofte? Viss du ikkje veit det, slå opp i ei ordbok eller eit leksikon.
Kva assosiasjonar får du til tittelen i filmen – Koftepolitiet?
Kva trur du filmen kjem til å handle om?
Sjå Koftepolitiet på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med Bibliotekkortet.
Kva inntrykk får du av dei tre hovudpersonane? Forklar!
Kva meiner hovudpersonane i filmen med uttrykka "kofte-utru" og "etno-kåt"?
Kva oppfatningar har personane samane møter i Oslo og på utestaden av kva det vil seie å vere same?
Kva stereotypiar og fordommar kjem til syne i det personane seier og gjer? Kom med fleire døme. (Tips! Det handlar ikkje berre om samar.)
Kva trur du filmskaparen ønsker å få fram i denne filmen?
I grupper: Fordel oppgåvene og presenter resultatet for kvarandre:
Kva vil det seie å vere samisk? Gjer eit nettsøk og noter ned stikkorda de finn i dei øvste treffa.
Kva er samisk kultur? Gjer eit nettsøk og noter ned stikkorda de finn i dei øvste treffa.
Les artikkelen "Her gjør Ellen Berit det utenkelige" på NRK.
Kva fordommar finst om samar og samisk kultur? Les artikkelen "Stereotypiar om den samiske befolkninga i Noreg".
Løys oppgåvene åleine eller i grupper. Ta notat når du/de les og diskuterer.
Les avsnittet om "andregjering" i fagartikkelen "Kulturell identitet og andregjering". På kva måte tematiserer kortfilmen Koftepolitiet det å plassere nokon utanfor ein fellesskap?
Kva grupper av menneske blir ofte andregjorde, tenker du? Kva kan årsaka vere? Grunngi svaret ditt.
Er det mogleg å behalde vår eigen kulturelle identitet og samtidig vere ein naturleg del av ein større fellesskap? Kva må til?
Lag ein tekst (essay, foredrag, film) der du/de drøftar temaet "andregjering".
Eit godt svar
problematiserer og drøftar
bruker sentrale omgrep (til dømes andregjering, fordommar, stereotypiar, kulturell identitet, utanforskap)
viser til konkrete døme, gjerne frå kortfilmen og/eller eigne erfaringar
Relatert innhald
Ein kortfilm (13 minutt) om korleis vi, både Sámi og majoritetsbefolkninga, bevisst og ubevisst definerer den rette måten å vere samisk på.