Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

“Čurves Munnje” i kontekst

Når vi skal analysere ein tekst, kan kunnskap om konteksten, altså samanhengen teksten er skriven i, gi oss hjelp til å avdekkje ulike lag med meining i teksten.
Artisten Ella Marie Hætta Isaksen på scenen under Spellemannprisen 2017 . Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Du skal no lese to kjelder som fortel noko om konteksten songen “Čurves Munnje” er skriven i. Deretter skal du jobbe med nokre spørsmål til kjeldene og til songteksten.

Kjelde 1

Under YouTube-videoen med eit live-opptak av "Čurves Munnje” har bandet skrive dette:

ISÁK’s debut single “Čurves Munnje” ("Call out to me") shows a dynamic and exciting band. Ella Marie first wrote this song at 16, after moving from her home in Tana. It is a song about missing her Sámi home, and the fear of losing her native tongue. It is her encouraging us to take care of our precious Sámi language.

Kjelde 2

I eit intervju med NRK Sápmi fortel vokalist Ella Marie Hætta Isaksen mellom anna om kva som inspirerer ho som låtskrivar: Setter punktum for mobbingen og utfrysingen med ny singel

Spørsmål

  1. Kva for informasjon gir desse to kjeldene om gruppa ISÁK, vokalist Ella Marie og songen “Čurves Munnje”?
  2. Korleis tolkar du desse linjene i songen ut frå det du no veit om bandet og om Ella Marie? Forklar med eigne ord.
    • Eg er bortført / eg er på villspor
    • Er eg forsvunnen?
    • Eg finn ikkje vegen heim / fordi du har gløymt meg
    • Unnskyld for at eg let deg gå
  3. Kven er du-et og eg-et? Kan det vere fleire svar her?
  4. Prøv å setje ord på temaet i diktet. Bruk eitt eller nokre få substantiv.
  5. Kva seier denne songteksten om korleis det kan opplevast å ha ein samisk eller minoritetsspråkleg identitet i Noreg?

Oppgåve 2

Les diktet ein gong til og skriv deretter ned fem setningar om kva du no har forstått om teksten.

Rop til meg!

Eg er bortført, eg er på villspor 

Eg finn ikkje tilbake dit eg høyrer til 

Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Rop til meg så eg lettare 

kan følgje spora tilbake 

Rop til meg og ta meg 
heim
til deg

Eg har venta lenge no 
eg er på leit

Eg finn inga trøyst lenger 

Er eg forsvunnen? 

Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Heioleilo unnskyld for at eg let deg gå

Copyright © Ella Marie Hætta Isaksen. Publisert med tillating frå forfattaren.

Relatert innhald

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2018

Læringsressursar

Å vere i mindretal