Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap flyt mellom avsnitta

God flyt i tekst får du når det er flyt mellom setningane, og når samanhengen mellom avsnitta i teksten er fin. Her får du tips om korleis du kan lage gode overgangar mellom avsnitt.

Bind saman avsnitta

Eit triks for å skape fin flyt i teksten din, er å binde saman avsnitta.

  • Bruk førstesetninga i neste avsnitt til dette.
  • Bruk gjerne setningskoplingar.

Eksempeltekst

Sjå korleis starten på avsnitt to blir brukt til å skape flyt mellom avsnitta:

Eit viktig argument for å bu i byen, er at her har ein tallause valmoglegheiter. Dette gjeld både fritidstilbod og menneske. I dei fleste byar er det nemleg slik at du kan kan velje og vrake i ulike hobbyar. Dersom du liker å danse ballett, besøkjer du den lokale danseskulen. Er du meir interessert i å spele saksofon, melder du deg inn i eit av korpsa i byen. På denne danseskulen og i korpset finn du likesinna, altså menneske som er interesserte i det same som deg. Men bur du på bygda er du kanskje den einaste guten du veit om som har ein draum om å bli ballettstjerne. Då kan det vere slik at nettopp denne kjensla kan få deg til å bli ganske einsam. På denne måten er byen det beste alternativet når du skal bestemme deg for kvar du vil bu.

På bygda, derimot, er ikkje valmoglegheitene like store som i byen. I staden må du tilpasse deg alle dei ulike menneska som finst der. Det underlege er at nettopp dette kan skape meir toleranse.

Temasetningar og markering av avstand

Temasetninga er den første setninga i eit avsnitt. Ho fortel kva avsnittet skal handle om, men temasetninga er òg viktig når du skal lage flyt mellom avsnitta. Måten du formulerer temasetningane på kan hjelpe deg til å framstille innhaldet i teksten din meir objektivt. Gjer oppgåva under for å lære meir om dette:

Oppgåve 1

I oppgåve 2 og 3 kan du jobbe vidare med skriveoppgåva i læringsstien "Skriv ein fagartikkel". Har du ikkje arbeidd med oppgåva om ungdom og press, gjer du det same med ein annan fagartikkel du skriv på.

Oppgåve 2

Arbeid vidare med teksten om ungdom og press. Skriv om alle temasetningane i hovuddelen din slik at du viser avstand til stoffet og skaper flyt mellom avsnitta.

Oppgåve 3

Skriv ferdig hovuddelen i fagartikkelen din om ungdom og press. Bruk alle skrivetipsa du har lært om:

Skrivetips

Avsnittsoppbygging

Flyt

Avstand til stoffet

  • Skriv korte og presise temasetningar.
  • Skriv kommentarsetningar med konkrete døme og tilvising til artiklane du har lese.
  • Skriv sistesetningar som er oppsummerande og viser til problemstillinga.

  • Bruk setningskoplingar til å skape flyt mellom setningane.
  • Tenk nøye gjennom korleis du skaper gode overgangar mellom avsnitta.

  • Unngå subjektive formuleringar av typen «eg meiner/eg synest».
  • Start avsnitta med ord og fraser som viser avstand til stoffet.

Relatert innhald

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel