Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kjenneteiknar ein god fagartikkel?

Ein feiande flott fagartikkel – kva kjenneteiknar eigentleg den? I denne oppgåva skal du lese og dekonstruere ein modelltekst for å forstå kva som gjer han god.

Del 1: Les og vurder teksten

Modellteksten du skal lese, er ein fagartikkel som handlar om litteratur. Temaet er familien i litteraturen.

Relatert innhald

  1. Les fagartikkelen "Familien – det perfekte utstillingsvindauget".

  2. Skriv ned kva som kjenneteiknar fagartikkelen om litteratur:

  • Kva for ulike moment har skribenten med?

  • Kva skil fagartikkelen frå ein litterær analyse?

  1. Kvifor er dette ein god fagartikkel? Skriv ned minst tre positive sider ved teksten.

Kvifor skal du bruke modelltekstar?

  • Å lese døme på gode tekstar kan hjelpe deg til å forstå kva som trengst i den sjangeren du skal skrive.

  • Gode modelltekstar kan hjelpe deg med tips til korleis du skal strukturere teksten din og byggje opp avsnitt.

  • Du kan "stele" gode formuleringar frå modellteksten. Etter kvart vil dei gode formuleringane bli ein del av ditt eige vokabular.

Del 2: Dekonstruer modellteksten

For å verkeleg kunne overføre dei gode sidene ved ein modelltekst til eiga skriving er det lurt å "dekonstruere" han. Det vil seie at du skal dele han opp i mindre bitar og granske kvar del. Kva funksjon har kvar del i heilskapen?

Last ned det vedlagde dokumentet og kommenter kvart avsnitt kort.

Filer

Del 3: Språkflyt

Ei bok ligg. Opp frå denne stikk ei hand som tar ein figur i handa. I tillegg er det ei rekke snakkebobler med setningskoplarar som "Eit anna døme er" og "I tillegg".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skape flyt mellom setningar og avsnitt er språkmagi. Meistrar du dette, blir det mykje artigare å skrive, rett og slett! Du kan tenkje deg at du skal ta lesaren din i handa og leie hen gjennom teksten.

Men korleis får du eigentleg til å skape denne flyten? Den som har skrive fagartikkelen "Familien – det perfekte utstillingsvindauget", har nokre gode knep du kan lære av.

  1. Les gjennom teksten ein gong til på leiting etter småord- og frasar som skaper flyt mellom setningane. Du kan bruke Word-dokumentet du skreiv i sist og markere med tjukk skrift.

  2. Les dei to første setningane i kvart avsnitt. Korleis skaper den som har skrive teksten ein raud tråd ved å sy saman avsnitta?

Del 4: Oppsummer

Skriv ein kort tekst der du oppsummerer det viktigaste du har lært om korleis du kan skrive ein god fagartikkel.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel