Hopp til innhald

Fagstoff

Kor mange blir det?

Mange praktiske oppgåver startar med "Kor mange blir det ..." eller tilsvarande, til dømes: Kor mange brusflasker får du for 200 kroner når kvar flaske kostar 40 kroner? Vi ser her på oppgåver av denne typen.
Fem forskjellige brussortar i halvlitersflasker. Foto.

Døme: handle brus for 200 kroner

Vi har 200 kroner som vi skal kjøpe brus for. Brusflaskene kostar 40 kroner per stk. inkludert pant. Kor mange brusflasker får vi for pengane?

Ein tungvint framgangsmåte

Vi kan starte med 40 kroner og legge til 40 kroner fleire gonger til vi kjem til 200 kr. Så kan vi telje kor mange "40-kroner" vi får.

40 = 4040+40 = 8080+40 = 120120+40 = 160160+40 = 200

Det blir totalt 5 "40-kroner". Resultatet er derfor at vi kan kjøpe 5 flasker for 200 kroner.

🤔 Tenk over: Er dette ein lur framgangsmåte?

Vurdering av framgangsmåten

Framgangsmåten er tidkrevjande. Kva om du skulle kjøpe brus for 1 000 kroner? Då blir det eit langt reknestykke!

Enklare framgangsmåte

Vi er eigentleg på jakt etter eit tal som er slik at når vi gongar det med prisen på ei flaske, skal vi få 200 kroner. Det må bety at vi kan finne det talet ved å gjere det motsette, ta 200 kroner og dele på prisen på éi flaske. Då får vi

200 kr40 kr/stk=5 stk

Vi får 5 brusflasker for 200 kroner.

Utfordring

Klarer du å vise at måleininga på svaret blir "stk."?

Bevis

Vi kan vise dette med brøkrekning. Vi set opp reknestykket på nytt, men med berre einingane:

krkr/stk=krkrstk=kr:krstk=kr·stkkr=stk

Her gjeld det å vite at kr/stk er det same som brøken krstk, og at både skråstrek og brøkstrek betyr "delt på". Frå brøkrekning veit vi at å dele på ein brøk er det same som å gonge med den omsnudde brøken. Etter at vi har snudd brøken, ser vi at vi kan forkorte bort "kr".

Ny flaskepris

I dømet over fekk vi brukt opp alle pengane; 200 kroner var akkurat nok til 5 flasker. Kor mange brusflasker får vi dersom flaskene kostar 35 kroner per stk. inkludert pant?

Vi prøver tilsvarande framgangsmåte som over:

200 kr35 kr/stk=5,7 stk

Det er ikkje mogleg å kjøpe 5,7 flasker. Sidan vi berre kan kjøpe eit heilt tal på flasker, får vi framleis berre kjøpt 5 brusflasker for 200 kroner sjølv om prisen går ned til 35 kroner per stk. Men vi får igjen litt pengar.

Pengar igjen

Kor mykje pengar blir det til overs i dømet over?

Vi reknar først ut kor mykje dei 5 flaskene kostar:

5 stk·35 kr/stk=175 kr

Igjen kan vi forkorte bort noko ("stk."), og vi endar opp med "kr" som måleining på svaret.

Vi får då igjen

200 kr-175 kr=25 kr

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2023

Læringsressursar

Talrekning