Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Einingspris. Vegen om 1

Øv på metoden "vegen om 1" og på å finne einingsprisen med desse oppgåvene. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

a) 4 m Cu-impregnert terrassebord kostar 44 kr. Kor mykje kostar 1 m?

Løysing

Oppgåva spør etter einingsprisen, i dette tilfellet meterprisen, på terrassebord. 1 m terrassebord kostar

44 kr4 m=11 kr/m

b) Ein pakke med 10 gummistrikkar kostar 8,50 kr. Kva blir einingsprisen?

Løysing

Einingsprisen blir

8,50 kr10 stk=0,85 kr/stk (kroner per stykk)

c) 2,5 hg (hektogram) smågodt kostar 47,50 kr. Kva blir einingsprisen på smågodtet?

Løysing

Einingsprisen blir

47,50 kr2,5 hg=19 kr/hg

Ein klump aluminium med volumet 4 cm3 veg 10,8 g.

d) Kva blir vekta av 1 cm3?

Løysing

Vekta av 1 cm3 aluminium blir

10,8 g4 cm3=2,7 g/cm3

e) Det vi rekna ut i den førre oppgåva, er ikkje einingspris, men ein tilsvarande storleik. Kva kallar vi denne storleiken?

Løysing

Vi kunne ha kalla denne storleiken for "einingsvekt", sidan det er vekta per eining. Det svarer til einingspris, som er kroner per eining. Men denne storleiken kallar vi tettleik, eigenvekt eller densitet.

Ei sponplate for golv har måla 0,62 x 2,42 målt i meter og kostar 401,39 kr.

f) Kva skal vi bruke som einingspris her?

Løysing

Måla på sponplata gir kor stort areal sponplata har. Den aktuelle einingsprisen blir derfor arealprisen, prisen per areal. Sidan dimensjonane på sponplata er målte i meter, er det mest aktuelt å ha arealet i kvadratmeter, m2.

g) Finn einingsprisen på sponplate for golv.

Løysing

Vi må først rekne ut arealet av sponplata. Då kan vi bruke formelen

A=l·b=2,42 m·0,62 m=1,5 m2

Einingsprisen blir

401,39 kr1,5 m2=267,59 kr/m2

Oppgåve 2

Raude eple. Foto.

7 eple kostar 45 kroner. Du skal finne ut kor mykje 3 eple kostar.

a) Kva går du "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne prisen på 1 eple. Det betyr at vi går vegen om (prisen på) 1 eple.

b) Kor mykje kostar 3 eple?

Løysing

Vi må dele prisen på dei 7 epla (45 kr) på talet på eple, det vil seie 7, og deretter gå med det talet eple vi skal ha, 3.

Prisen på 3 eple blir

45 kr7·3=19,28 kr

Eventuelt kan du dele opp reknestykket i 2 utrekningar ved først å rekne ut prisen for eit eple og deretter prisen for 3 eple på tilsvarande måte som på teorisida.

Oppgåve 3

Dimensjonert trevirke. Foto.

5,5 m av ein type trevirke kostar 75,50 kroner. Vi skal finne ut kor mykje 2,40 meter av trevirket kostar.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kor mykje det kostar med 1 m trevirke. Vi går altså vegen om (prisen på) 1 m trevirke.

b) Kor mykje kostar 2,40 m av trevirket?

Løysing

Vi må dele prisen for 5,5 m trevirke på talet på meter, det vil seie 5,5. Så gonger vi med det talet på meter vi skal ha, altså 2,40. Prisen på 2,40 m av trevirket blir

75,50 kr5,5 m·2,40 m=32,95 kr

Oppgåve 4

Prisen på 100 svenske kroner var 94,68 kroner den 9. november 2022. (Vi seier at kursen på 100 svenske kroner var 94,68. Vi skal finne ut kor mykje det kostar å kjøpe, eller veksle til, 850 svenske kroner.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kva prisen på 1 svensk krone er. Vi går derfor vegen om (prisen på) 1 svensk krone.

b) Kor mykje kostar 850 svenske kroner?

Løysing

Vi må dele prisen for 100 svenske kroner på 100 for å finne prisen på éi krone. Så gonger vi med det talet på kroner vi skal ha. 850 svenske kroner kostar

94,68 kr100·850=804,78 kr

Vi går ut frå at det ikkje er noko gebyr på vekslinga.

Oppgåve 5

Ramme av koparrøyr. Foto.

5 m koparrøyr veg 1,5 kg. Du skal finne ut kor mykje 2 m koparrøyr veg.

a) Kva går du "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne ut kor mykje 1 m koparrøyr veg. Det betyr at vi går vegen om (vekta av) 1 m koparrøyr.

b) Kor mykje veg 2 m koparrøyr?

Løysing

Vi må dele vekta av dei 5 metrane med koparrøyr på talet på meter, det vil seie 5. Så gonger vi med det talet på meter vi skal ha. 2 m koparrøyr veg

1,5 kg5 m·2 m=0,6 kg

Vi kan òg velje å rekne dette i to omgangar. Først finn vi einingsvekta (her er det vekta vi reknar på, ikkje prisen).

1,5 kg5 m=0,3 kg/m

Så gonger vi med det talet på meter vi skal ha. 2 m koparrøyr veg

0,3 kg/m·2 m=0,6 kg

Oppgåve 6

Hjørne på grunnmur i lecastein. Foto.

Ein grunnmur har lengda 550 cm. Det går akkurat 11 heile blokkar av lettbetong på denne lengda. Du skal bygge ein annan vegg der du bruker 5 slike blokkar av lettbetong og ønsker å finne ut kor lang veggen blir.

a) Kva går vi "vegen om 1" med i dette tilfellet?

Løysing

Vi må finne lengda av éin blokk. Vi går altså vegen om (lengda av) 1 blokk.

b) Kor lang blir den nye veggen?

Løysing

Lengda på veggen blir

550 cm11·5=250 cm

Relatert innhald

Å gå "vegen om 1" betyr å finne ut "kor mykje 1 tilsvarer". Her forklarer vi korleis vi reknar ut det, og vi ser på einingspris.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2023

Læringsressursar

Talrekning