Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheit først!

Innan robotikk har vi mange moglegheiter, og det er eigentleg berre fantasien vår som set grenser for kva som er mogleg. Men for at du og eg skal kunne jobbe trygt med slike maskinar, må sikkerheita vere til stades.
Naudstoppbrytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maskinsikkerheit

Tidlegare standardar for maskinsikkerheit sa kategorisk noko om kor mykje du kunne "stole på" ein maskin, alt etter skadeomfanget. Dette vart kategorisert ut frå EN 954 og ein bokstav B, følgd av eit tal 1, 2, 3 eller 4 som refererte til kor sikker sikkerheitsfunksjonen framleis var om feil skulle skje.

Risikovurdering

Under maskinsikkerheit og risiko snakkar vi om ei risikovurdering som blir kategorisert under alvorsgrad og krav til sikkerheitsfunksjonen. Vi får då ein PLr. Ytinga til maskina må òg sjåast i samanheng med skadeomfang (S), kor ofte (F) og kor sannsynleg (P) er det at dette skjer igjen.

S = Severity (skadeomfanget)

S1: reversibel skade (rift, mindre kutt og liknande)

S2: irreversibel skade (misse arm, død og liknande)

F = Frekvens (kor ofte er ein utsett for faren)

F1: sjeldan eller ganske ofte og/eller kort eksponeringstid

F2: ofte eller kontinuerleg (éin gong per time eller oftare) og/eller lang eksponeringstid (over 10 minutt)

P = Probability (kor sannsynleg er det at ein blir utsett for faren)

P1: mogleg å unngå faren under spesielle forhold (langsam maskinrørsle, synleg fare, instruert personell)

P2: tilnærma umogleg å unngå faren

Risikoreduksjon

No ser du nokre av mange val som skal gjerast. Noko går på utstyr som skal koplast til, noko går på levetid, og noko går på kor ofte utstyret feiler. Så kva bør vi gjere?

  1. Design vekk farane (så langt det lèt seg gjere). Det kan til dømes vere fysisk skjerming, elektronisk/elektrisk overvaking av feilfunksjon eller installering av sikkerheitsutstyr.

  2. Dokumenter eller sjekk at val av utstyr følgjer krava sette under risikovurderinga (PL = PLr). Det kan til dømes vere at det tilfredsstiller krava til installert elektrisk utstyr eller elektriske løysingar, krava til nødvendig prestasjonsnivå (PL), krava til levetidsbetraktning (B10d) eller krava til vedlikehaldsintervall (T10d).

  3. Kompletter om nødvendig med "Other protective measurements" (OM). Det kan til dømes vere tydelege skilt, opplæring, verneutstyr eller arbeidsprosedyrar. Følg "hugselista" i tabell CCF (Common Cause Failures).

CC BY-NCSkrive av Haldor Hove og Erik Lysen. Rettshavar: Omron Electronics Norway AS
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Robotisering