Hopp til innhald

Fagstoff

Robotteknikk

Kan robotar gjere verksemda di meir effektiv? Her får du vite meir om kva robotar kan gjere, og kva du bør tenke over.
Robot og menneske handhelsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva inneber robotisering?

Bruk av robotar kan hjelpe deg med å effektivisere drifta, redusere belastningar for dine tilsette eller utføre oppgåver heilt nøyaktig, gong på gong.

Men for ei verksemd vil ei investering i robotar vere ganske omfattande og ressurskrevjande, også i form av menneskeleg kompetanse. Fleire fagområde må samarbeide viss verksemda skal lykkast.

Dette bør du tenke over når du skal velje ei robotløysing:

  1. Skal eg ha ein robot som kan palletering, altså å automatisk legge boksar på ein pall for vidare logistikk og transport?

  2. Skal delelageret automatiserast, eller bør ikkje verksemda mi sitje med lagervarer utanom sjølve produksjonen?

  3. Bør heile eller berre delar av produksjonen automatiserast?

  4. Bør nokon prosessar ha samarbeidande robotar?

  5. Korleis tilfredsstiller eg krava til sikkerheit og HMS viss eg vel ein industrirobot?


I Ålesund er det laga ein ManuLab (manufacturing lab) i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og robotikkleverandørar. Der kan både verksemder, studentar og gründerar få testa ut moglegheiter for å bruke robotar i verksemda. Sjå ein video frå laben nedanfor.

Sikkerheit

Når vi jobbar med maskiner, stiller vi alltid høge krav til sikkerheit. Sikkerheita må takast i betraktning i all planlegging og i sjølve designprosessen, og må designast inn i sjølve maskina og i prosessane. Det er mellom anna viktig å definere om menneske skal, kan eller ikkje kan vere i arbeidsområdet til maskina.

Det finst mange ulike sikkerheitstiltak for robotar, til dømes lysgardin, sikkerheitsgjerde, e-stop (nødstopp), laser, induktiv givar, varsellampar, snortrekk, mekaniske brytarar, GPS-sensor, straumsensitive sensorar, trykksensitive sensorar, kantsikring og fysiske barrierar. Kva sikkerheitstiltak som er nødvendige, kjem an på typen robot. Det finst to hovuddtypar.

Industrirobotar

Industrirobotar krev eit fysisk lukka område med særleg sikring.

Sikkerheitskrava er fastsette i forskrift om maskinsikkerheit, maskindirektivet, , , standardar og elektriske normer.

Samarbeidande robotar

Samarbeidande robotar kan samarbeide med menneske. Dei har lågare maskinvekt og er mindre enn andre robottypar.

Slike robotløysingar er tilpassa kontakt med menneske. Dei har fleire lag med sikkerheitstiltak, slik som trykkfølsame sensorar eller integrerte rørslesensorar. Viss ein robotarm til dømes kjem i nærleiken av eit menneske, kan arbeidshastigheita bli redusert. Kjem vi i kontakt med robotane med eit visst trykk, går dei i pausemodus og stoppar.

CE-merking og maskinleverandør

Ei godkjend maskin skal kunne identifiserast, og til det har vi . Når maskina har eit CE-merke, er det ei erklæring om at ho er i samsvar med regelverket. Det er maskinleverandøren som er ansvarleg for slik merking og for å montere på sjølve CE-skiltet.

Skal du bygge ei maskin sjølv? Ver då merksam på at det ifølge maskindirektivet er du som er maskinleverandør, og som står med ansvaret.

Ansvar og roller kjem vi nærare inn på i andre artiklar.

Teknikk og programmering

Å bygge ei sikker, funksjonell og effektiv løysing krev ulike ferdigheiter. I emnet robotisering får du lære meir om mekanisk, elektrisk og digital teknikk, og du lærer også om programmering.

Vi har fleire ressursar om robotikk, sikkerheit og programmering. Sjå det relaterte innhaldet nedanfor eller bruk søkefunksjonen.

Relatert innhald

Å setje sikkerheita først handlar om tryggleik for menneske som skal jobbe på og med maskinar og robotisert utstyr.

Ein vanleg definisjon på programmering er at datamaskina blir instruert til å utføre ulike oppgåver. Slike instruksjonar kallar vi ofte for algoritmar.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove. Rettshavar: Omron Electronic Norway AS
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Robotisering