Hopp til innhald
Fagartikkel

Robottypar

Samarbeidande robotar og industrirobotar er dei to hovudtypane av robotar. Tenk gjennom kva behov bedrifta di har, for å finne den beste løysinga. Når vi bruker robotar, treng vi tryggingstiltak, og det finst mange tryggingsløysingar.

Prosess og samarbeid

Bruk av robotar gir til dømes moglegheiter for

  • effektivisering

  • nøyaktigheit og repetisjon

  • belastningsreduksjon

For ei bedrift vil ei investering i robotar vere ganske omfattande og ressurskrevjande, også i form av menneskeleg kompetanse. Fleire fagområde må samarbeide om bedrifta skal lykkast.

Designprosess

Når vi jobbar med maskiner, har vi alltid store krav til tryggleik. Det gjeld i all planlegging og gjennom heile designprosessen. Tryggleiken må designast inn i sjølve maskina og i prosessane. Det er mellom anna viktig å definere om menneske skal, kan eller ikkje kan vere i arbeidsområdet til maskina.

Maskinleverandør og CE-merking

Skal du byggje ei maskin? Maskindirektivet seier at då er det du som er maskinleverandør, og står med ansvaret. Du kan bli den som skal erklære at maskina oppfyller alle tryggingskrav.

Ei godkjend maskin skal kunne identifiserast, og til det har vi . Når maskina har eit CE-merke, er det ei erklæring om at maskina oppfyller tryggingskrava og er i samsvar med regelverket. Slik merking, og monteringa av sjølve CE-skiltet, kan det vere du som blir ansvarleg for å gjere.

Ansvar og roller kjem vi nærare inn på andre stader.

Tenk over:

  1. Skal eg ha ein robot som kan palletering, det vil seie automatisk stabling av boksar på ein pall for vidare logistikk og transport?

  2. Skal delelageret automatiserast, eller bør ikkje bedrifta mi sitje med lagervarer utanom sjølve produksjonen?

  3. Bør heile eller berre delar av produksjonen bli automatisert?

  4. Bør nokon prosessar ha samarbeidande robotar?

  5. Korleis tilfredsstiller vi krava til tryggleik og HMS viss vi vel ein industrirobot?


Teknikk og programmering

Å byggje ei sikker, funksjonell og effektiv løysing krev ulike ferdigheiter. I emnet robotisering får du lære meir om mekanisk, elektrisk og digital teknikk, og du lærer også om programmering.

Tryggleik

Når vi bruker robotar, treng vi tryggingstiltak. Det kan til dømes vere lysgardiner, sikringsgjerde, naudstopp, laser, induktive givarar, varsellamper, snortrekk, mekaniske brytarar, GPS-sensorar, straumsensitive sensorar, trykksensitive sensorar, kantsikring og fysiske barrierar.

Det finst altså svært mange løysingar som gir tryggleik. Kva som er rett sikring for ulike typar maskiner, skal vi sjå nærare på. Her ser vi først på to hovudtypar av robotar.

Samarbeidande robotar

Samarbeidande robotar kan samarbeide med menneske. Dei har lågare maskinvekt og er mindre enn andre robottypar.

Slike robotiserte løysingar er tilpassa kontakt med menneske. Dei har fleire lag med innebygde tryggingstiltak for å sikre oss, som trykksensitive sensorar eller rørslesensorar. Viss ein robotarm kjem i nærleiken av eit menneske, kan arbeidsfarten bli redusert. Kjem vi i kontakt med robotane med eit visst trykk, går dei i pausemodus og stoppar.

Industrirobotar

Ein seksaksa robot som kan gjere eit stort arbeid på eit samleband. Video: Omron Electronics Norway AS / CC BY-NC-SA 4.0
Spider – verdas raskaste robot innan "pick and place". Video: Omron Electronics Norway AS / CC BY-NC-SA 4.0

Industrirobotar krev eit fysisk lukka område med særleg sikring. Tryggingskrava kjem tydeleg fram i maskinforskrifta, som spring ut frå EUs maskindirektiv, og også i og og i standardar og elektriske normer.

Vi har fleire ressursar om robotikk, tryggleik og programmering. Sjå det relaterte innhaldet, eller bruk søkjefunksjonen.

Relatert innhald

Fagstoff
Sikkerheit først!

Å setje sikkerheita først handlar om tryggleik for menneske som skal jobbe på og med maskinar og robotisert utstyr.

Fagstoff
Kva er programmering?

Ein vanleg definisjon på programmering er at datamaskina blir instruert til å utføre ulike oppgåver. Slike instruksjonar kallar vi ofte for algoritmar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Haldor Hove. Rettshavar: Omron Electronic Norway AS
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022