Hopp til innhald

Fagstoff

Reguleringssløyfer

I industrielle prosessar er vi heilt avhengige av at reguleringa av pådra skjer automatisk. Då må vi knyte saman skal-verdi (ønskt verdi), er-verdi (målt verdi) og styringa av pådragsorganet (vanlegvis ein ventil). Dette blir gjort med ein regulator.

Regulator

Ein regulator er ei innretning som automatisk prøver å gjere avviket så lite som mogleg. Regulatoren les inn skal-verdi og er-verdi, og han styrer eit pådragsorgan.

Reguleringssløyfe

Er-verdien blir målt med eit måleinstrument (sensor). Når vi set saman måleinstrumentet, regulatoren og pådragsorganet, har vi det som kallast ein reguleringssløyfe.

I ein reguleringssløyfe seier vi at vi har ein tilbakekobling frå er-verdien til pådraget. Avviket vil bli berekna kontinuerleg, og pådraget i prosessen blir endra slik at avviket til kvar tid er så lite som mogleg.

Ein reguleringssløyfe består av eit måleinstrument, ein regulator og eit pådragsorgan.

Reguleringssløyfe for farten til ein bil

La oss sjå på kva dette betyr for å regulere farten til ein bil. Skal-verdien er fartsgrensa, altså det som står på skilta. Speedometeret er sensoren vår, han måler og viser verkeleg fart (er-verdi).

Vi bruker auga for å lese av både skal-verdi og er-verdi, og så bruker vi hjernen til å rekne ut avviket (det sirkelforma symbolet i diagrammet). Hjernen reknar òg ut kva som er ei passande pådragsendring for å gjere avviket så lite som mogleg.

Hjernen sender eit signal til foten, som så endrar trykket på gasspedalen. Dette gir ei endring av bensin- og luftmengda i forgassaren, som er pådragsorganet vårt. No vil krafta frå motoren bli endra, og vi får ei endring i er-verdien. Deretter blir heile prosessen gjenteke slik at vi får ei kontinuerleg justering av er-verdien. Målet er heile tida å få avviket så lite som mogleg.

I bil-dømet fungerer hjernen vår som ein regulator. Nervesystemet, foten og gasspedalen fungerer som signalomformarar. Det same gjeld for auga, dei omformar skiltet og speedometeravlesningen til signal som hjernen kan omarbeide.

Reguleringssløyfe for hastigheitsregulering av bil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Regulering og prosess