Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar reguleringar

Det finst fleire ulike måtar å gjere reguleringar på. Her skal vi sjå på to hovudtypar: av/på-regulering og kontinuerleg regulering.

Av/på-regulering

Panelovn med termostat

Den enklaste forma for regulering ein kan tenkje seg, er å skru av eller på eit pådrag. Det er slik dei elektriske omnane du har heime, fungerer.

Du stiller for eksempel inn skal-verdien for omnen til 20 °C. Blir temperaturen for låg, skrur omnen seg på og held seg påslått heilt til temperaturen går over 20 °C. Då slår han seg av.

Sidan omnen no er avslått, vil temperaturen i rommet begynne å søkke. Dermed blir omnen slått på igjen etter ei stund. Slik vil han halde fram å slå seg av og på, og det er dette vi kallar av/på-regulering.

I ei av/på-regulering blir pådraget skrudd av eller på avhengig av om er-verdien er høgare eller lågare enn skal-verdien.

Kontinuerleg regulering

Mann kjører moper. Foto.

Mange som køyrer moped, bruker gasshandtaket som ein av/på-regulator. Anten har dei full gass, eller så gir dei ikkje noko gass. Men gasshandtaket kan faktisk ha mange andre stillingar enn heilt av eller heilt på! Gasshandtaket på ein moped kan brukast til det som vi kallar kontinuerleg regulering.

Av/på-regulatorar kan vere greie å bruke viss vi ikkje treng heilt nøyaktig kontroll på er-verdien. Men ofte treng vi litt meir presis regulering, og då kan vi bruke ein kontinuerleg regulator. I staden for å vere anten på eller av, vil ein kontinuerleg regulator heile tida gjere endringar som står i forhold til avviket.

I ei kontinuerleg regulering blir pådraget justert heile tida i små steg avhengig av om er-verdien er høgare eller lågare enn skal-verdien.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 02.08.2018

Læringsressursar

Regulering og prosess