Hopp til innhald

Fagstoff

Belasting og prosessforstyrringar

Viss du har køyrt moped eller bil, veit du sikkert at eitt bestemt gasspådrag ikkje nødvendigvis alltid gir same fare. Tenk deg at du køyrer på ei slette i 30 km/t. Så lenge du køyrer på sletta, kan du halde gasspedalen i same posisjon. Så kjem det ein motbakke. Kva skjer då?
Ung mann på moped. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du framleis held gasspedalen i same posisjon, vil bilen byrje å gå saktare! Dersom du skal klare å halde same fart, må du ha meir motorkraft. Du må endre posisjonen på gasspedalen.

Belasting

Sentrifugalpumpe og motor, delar av pumpehuset er skore vekk. Foto.

Det som skjedde då bilen kom til motbakken, var at belastinga auka. Ei slik varierande belasting har ein òg i industrielle prosessar. Derfor vil til dømes ikkje ei fast ventilopning eller ei fast innstilling på ein maskin fungere i eit industrianlegg. Belastinga kan auke eller minke, og reguleringssystemet må heile tida korrigere for denne varierande belastinga.

Maskinar og prosessutstyr har som regel varierande belasting. Vi bruker reguleringssløyfer for å unngå variasjonar i prosessen.

Prosessforstyrring

Variasjonar i belastinga i ein prosess kallast ofte ei “prosessforstyrring”. Sjølv om desse variasjonane i belasting kan vere både planlagde og ønskjelege (til dømes ein auke i produksjonsraten), er dei ei uønskt forstyrring for prosessen.

Prosessforstyrringar er uønskte variasjonar i prosessen.

Variasjon i belasting kan altså vere éi mogleg årsak til desse forstyrringane, men det kan òg vere andre årsaker. Til dømes er det alltid litt variasjon i kvaliteten på råvarene, og dette kan påverke kvaliteten på det ferdige produktet. For å motverke dette må vi prøve å endre måten vi køyrer prosessen på. Då kan vi kanskje klare å halde ein jamn kvalitet på produktet sjølv om kvaliteten på råvarene varierer.

Industriell røyrvarmevekslar med delar av røyrinnsatsen avdekka. Foto.

Endringar i miljøet rundt prosessen kan òg gi forstyrringar. Eit døme på dette er temperaturen rundt prosessutstyret. Dersom utstyret står ute, kan det vere 20 °C om sommaren og −20 °C om vinteren. Dette kan ha stor effekt på prosessen.

Sjølve utforminga av prosessanlegget kan òg vere med på å forsterke forstyrringane. Det er til dømes mykje enklare å halde ein stabil temperatur i ein stor tank enn i ein liten tank.

Det kan altså vere mange moglege årsaker til prosessforstyrringar. Dei kan vere eit problem for deg som operatør, men ofte overlèt vi problemet til reguleringssløyfene våre. Dei må lagast på ein slik måte at dei så raskt som mogleg motverkar alle forstyrringar.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Regulering og prosess