Fagartikkel
Alkoholar og aromatar
Dei organiske molekyla kan innehalde andre grunnstoff enn berre karbon og hydrogen. For eksempel finn vi nitrogen og svovel i mange organiske stoff.
Dei organiske molekyla kan innehalde andre grunnstoff enn berre karbon og hydrogen. For eksempel finn vi nitrogen og svovel i mange organiske stoff. Vi skal sjå på ei gruppe med stoff som inneheld oksygen og eit ekstra hydrogenatom. Desse kallar vi alkoholar.
Karbonatom kan òg danne ringstrukturar, og ein veldig viktig ringstruktur er stoffet benzen. Det består av seks karbonatom forma i ein ring, der annakvar binding er dobbel. Benzen er utgangspunktet for mange andre stoff som blir kalla aromatar. Prøv å finne ut korleis TNT er laga!