Hopp til innhald

Fagstoff

Ventilar

Ventiler blir brukte til å styre korleis arbeidselementet skal bevege seg. Vi ser nærmare på retningsventilar og strupe- og tilbakeslagsventilar.

Ventiltypar

Vi grupperer gjerne ventilane etter funksjonane dei har:

  • Retningsventilar (retningsregulerande ventilar) opnar og stenger for gjennomstrøyminga eller styrer kva retning lufta strøymer i.
  • Mengdeventilar (volumregulerande ventilar) styrer luftmengda i gjennomstrøyminga og regulerer sylinderfarten.
  • Trykkventilar (trykkregulerande ventilar) reduserer eller avgrensar lufttrykket og styrer krafta til sylinderen.
  • Sperreventilar sperrar gjennomstrøyminga i éi eller begge retningar. Desse ventilane har ein hjelpefunksjon.

Retningsventilar

Dette er den største gruppa. Retningsventilane har mange funksjonar. Desse ventilane har fått namn etter talet på portar og talet på stillingar. Formålet med ein retningsventil er å styre luftstraumen til det arbeidselementet vi ønsker.

Vi skil mellom unistabile og bistabile ventilar. Når ein ventil blir ståande i den stillinga han er sett i, seier vi at han er bistabil. Er det derimot ei anordning som returnerer ventilen til grunnstillinga, seier vi at ventilen er unistabil.

2-portsventilar

  • har éin strøymingsveg
  • har to portar: innløp og utløp
  • opnar og stenger eit løp
  • blir brukt som stengeventilar

Når ventilen er ubelasta, er han stengd, og fjørkrafta pressar oppover. Når vi belastar ventilen, pressar vi fjøra nedover, og ventilen opnar.

3-portsventilar

  • har to strøymingsvegar
  • har tre portar: innløp, utløp og avluftingar
  • blir brukt for å styre enkeltverkande sylindrar og til signalgiving

5-portsventilar

  • har fire strøymingsvegar
  • har fem portar: eitt innløp, to utløp og to avluftingar

  • kan fylle og tømme to kammer

  • blir brukt til å styre dobbeltverkande sylindrar

5-portsventilar er ofte av typen sleideventilar. Ein sleide løper i ei sylindrisk boring i ventilhuset. Sleiden er laga med tetteparti og gjennomløpsparti. I huset er det bora ut for portar som ligg plasserte slik at ein opnar, lukkar eller tettar portane ved å bevege sleiden.

5-portsventilen gjer det same som to 3-portsventilar: Han gir trykk til éi side på ein dobbeltverkande sylinder, samtidig som den andre sida blir lufta.

Bistabil 5/2-ventil

Denne ventilen er trykkstyrt. Trykket blir styrt frå til dømes 3-portsventilar. Dersom vi byter den eine trykkinngangen med ei fjør, gjer vi ventilen framfor om frå bistabil til unistabil. Fjøra vil då sørge for at ventilen returnerer til utgangspunktet.

Styring av ventilar

Ventilane vi har sett på hittil, kan styrast på ulike måtar.

  • Manuelt, med spakar: Spakane kan returnere automatisk eller ha kulestopparar som held spaken i stilling til vi bevegar han på nytt.
  • Trykkstyrt: Trykkluft blir òg brukt til å styre ventilen. Vi må då bruke andre typar ventilar til å styre dette trykket.
  • Elektrisk: Magnetspolar som blir aktiverte med straum, sørger for at ventilen opnar eller lukkar.

Strupeventilar

Prinsippteikning av strupeventil.

Strupeventilar er den einaste typen ventil vi bruker for å styre mengda. Strupeventilen består av eitt gjennomløpskammer og éi innsnevring. Innsnevringa er gjerne ein skrue med ein konisk spindel som kan justerast opp og ned for å stille inn gjennomstrøymingsmengda. Strupeventilar kan brukast for å redusere farten på ein sylinder.

Tilbakeslagsventilen

Tilbakeslagsventilen stenger for luftstraumen i éi retning og opnar for luftstraum i den andre retninga. Han blir òg brukt som ein "bypass"-ventil.

Dersom ein kombinerer ein strupeventil med ein tilbakeslagsventil, får ein ei integrert eining som blir kalla for strupetilbakeslagsventil.

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2022

Læringsressursar

Pneumatikk