Hopp til innhald

Fagstoff

Sylindrar

Ein sylinder er eit arbeidselement i eit pneumatisk eller hydraulisk anlegg. Vi ser her nærare på enkelt- og dobbeltverkande sylindrar i pneumatiske anlegg. I tillegg bruker vi gravemaskina som eit døme på ei maskin med hydraulisk anlegg.

Enkeltverkande sylinder

Den enkeltverkande sylinderen er det enklaste arbeidselementet vi har. Han har ei tilkopling for trykk i plussretning. Stempelet går altså utover når vi tilfører trykkluft. Når stempelstonga skal gå i minusretning, det vil seie tilbake til utgangsposisjonen, er det ei innebygd fjør som gjer jobben. Ein enkeltverkande sylinder kan altså berre gjere eit arbeid i éi retning.

Dobbeltverkande sylinder

Ein dobbeltverkande sylinder kan gjere eit arbeid både i plussretning og i minusretning. Han har to tilkoplingspunkt for trykkluft, eitt i kvar ende av sylinderen. Når vi tilfører trykkluft i bakkanten av sylinderen, presser lufta stempelet utover. Så tilfører vi trykkluft i den fremre delen av sylinderen, og då blir stempelet pressa tilbake til utgangsposisjonen. For å unngå at stempelet slår hardt mot endeveggene, er det lagt inn endedemping i begge endane av sylinderen.

Hydraulisk sylinder

I ein hydraulisk sylinder blir det brukt væske i staden for gass til å flytte stempelet fram og tilbake. Ein hydraulisk sylinder gir store fordelar der du treng stor kraft, til dømes i ei gravemaskin.

Gravemaskin Volvo ECR145E og skildring av hovudkomponentane. Maskina består av undervogn og overvogn. I overvogna er førarhuset og motoren. Undervogna består av to leiehjul, to drivhjul (også kalla sprockethjul) og to belte. Gravebestår av bom, stikke, sylinder og skuffe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygning av hydraulikksylinderen

Hydraulikksylinderen og pneumatikksylinderen er i prinsippet bygde opp ganske likt. Den største forskjellen er at delane i hydraulikk-sylinderen er kraftigare dimensjonerte. Hydraulikksylinderen har dessutan støtteringar, og han har andre tetningar mellom stempel og sylinder og mellom stempelstong og framgavl.

Gjennomskåret skisse av hydraulikksylinder. Sylinderen har støtteringer på stempel og i gavl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utan demping

Det store fortrinnet med ein hydraulisk sylinder er at vi kan oppnå ein rettlinja bevegelse, stor kraft og "stiv" overføring. Med det meiner vi at stempelet i ein hydraulisk sylinder ikkje bremsar opp før det når endeveggen av sylinderen. Ein pneumatisk sylinder derimot har demping i begge endane.

Tverrsnitt av ein sylinder. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sylindrane på gravemaskina er dobbeltverkande, dei kan utføre arbeid både i plussretning og i minusretning. Når stempelet står heilt i botnen av sylinderen, seier vi at det står i minusstilling. Då blir plusskammeret, som er holrommet på motsett side av stempelstonga, fylt med trykksett væske som pressar stempelet og stempelstonga utover. Vi seier at sylinderen utfører ei pluss-rørsle.

Når stempelet og stempelstonga skal pressast innover igjen, er det minuskammeret, holrommet på same sida som stempelstonga, som blir fylt med trykksett væske. Då beveger stempelet seg i minusretning: Sylinderen utfører ei minus-rørsle.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2023

Læringsressursar

Pneumatikk